Har hatt nokre spørsmål i Hjelp til Riaa-tråden, men kjenner at det nok ikkje var heilt rette staden....Prøver igjen her. Kort fortalt så svikta det integrerte RIAA trinnet i min Burmester 011 pre, og eg fekk lyst til å prøve Schiit Skoll pga at denne har balansert inn/ut, og tonearmskabelen min er kopla direkte til Audio Technica AT33SA med xlr kontakter i enden (Michell Gyro SE og Technoarm). Goertz tonearmskabel meiner eg Oslo Hificenter sa den gongen.. Vidare måler Schiit ganske bra og fekk gode skussmål frå Fremer (som tas med ei klype salt).
Eg kopla så opp Schiit og var overraska over at det var klart meir sus frå høgtalarane enn med Burmester riaa, og det som enno verre var er at mikrofoni blir veldig forsterka gjennom Schiit, lett tapping på platespelaren, stereobenken, tonearma, kabler osb, fører til trommesolo i høgtalarane... når det er sagt, er det ikkje noko problem når eg speler musikk, då korkje høyrer eg påtakeleg sus og ingenting til mikrofoni, kan gå på golvet osb - men får jo kjensla av at ein har nedgradert og blir ekstra kritisk - så usikker på om eg faktisk synes riaa i Burmester er betre (som eg fekk ei kjensle av), eller om eg berre brått vart veldig negativ til Schiit.....
Men så i går: Då trur eg har kome litt vidare, utan å forstå kva som skjer. Har no sjekka ein og ein kanal (høgre-venstre). Det pussige er at når eg kopler til berre ein kanal, så forsvinn alle problem. Ingen mikrofoni i det heile, kun vanleg lett sus. Speler ingen rolle om eg tar høgre kabel i venstre inn på Schiit eller høgre inn på Schiit og det same med venstre kabel inn i ein og ein inngang på Schiit... problemet forsvinn, og kjem alltid tilbake når begge kanaler er tilkopla... uavhengig av om det er høgre eller venstre ledning som er tilkopla... kva fortel dette meg? Kan det tyde på ein defekt i Schiit boksen? Balle C skriv at rumble filteret i Schiit er dårleg, men eg kopla også til subsonic filter (25Hz) på Behringer delefilter utan at det gjore nokon forskjel..mulig 25 Hz ikkje er høgt nok?
Etter dette har eg fått forslag om jordsløyfe.. litt usikker på korleis dette høyres ut. Kan nevnes at eg har ujorda kurs til anlegget og har eit Isotek Sigmas II straumfilter. Det var ikkje plass til xlr-rca-adapter på Schiit, då rca kontaktene står for tett saman.. men poenget var jo også at eg ville gjere ha balansert heile vegen, så då var det jo mange andre valg av riaa dersom eg ville ha rca inn og xlr ut.
Vil eg truleg få same problem med andre riaa? Kan Schiit vere defekt? Forslag til løysing? Takksam for alle innspel, og takk til alle som allereie har gitt råd!