Veibruksavgift proporsjonalt med bruken av veier har vi allerede, innbakt i drivstoffprisen, så det er ikke ubegrenset bruk for en fast sum, for fossilbiler. Jo mer drivstoff en bruker, jo mer veibruksavgift betaler man via drivstoffet en må kjøpe, og bensinslukere betaler derfor mer enn gjerrig-biler for samme kjørelengde.
Innføring av gps-målt kjøreavstand-avgift vil medføre at elbiler blir med på kjøpefesten av veibruk.
Det er sant, reint logisk.
Men koplinga er indirekte og abstrakt. Fossilbilisten opplever ikkje drivstoffavgifta som ein vegbruksavgift, men som ein vilkårleg, statleg avgift på ei vare. Rett nok på ei vare som er nødvendig for å få motoren til å gå, men ikkje knytt til vegbruken i seg sjølv.
Når Frp (Sivertsen, i saka over) seier:
– Frp ønsker ikke veiprising. Det er feil å innføre taksameter i folks biler. Særlig når vi vet at folk trenger bilen til jobb og for sine familier, sier han.
… så er metaforen ein appell til kjenslene: «dersom vi innfører vegprising, så vil du oppleva det å bruka din eigen bil som å sitja i ein drosje og sjå på at taksameteret raser oppover». Då handlar det ikkje om at prisen vert meir eller mindre rettferdig (bompengar kan fort vera urettferdige, det er ikkje vanskeleg å gje Frp rett i det: det einaste dei kan ta betalt for, er å passera eit punkt).