Nå ser kommunen altså heller mot å øke bompengene, for her har de forskrifter om at de kan bli femdoblet.
Meir trafikk enn elbil, men skit au:
Bergen er, som mange andre norske byar, noko drit å dra trafikk gjennom. Diverre er det det som vert gjort, same om den skal frå Åsane til Sotra, eller frå Arna til Fyllingsdalen. Eller berre E39 frå nord til sør.
Ikkje vert det betre av at ein liten bydel er sett av til spaghettien mellom Danmarksplass og Nygård, heller, eller at utbygginga vart gjort slik at bysentrum vart behalde som ein mikroskopisk knert midt inni bil- og forstadsområde. Med meir bymessig utbygging utover kunne dei unngått dette.
Alt dette legg seg saman til at der bergensaren gnålar om «Norges fiiineste by», så er det like sant som at dei har det beste fotballaget: altså, ikkje. Med unnatak av eit veldig fint sentrum-sentrum og ein del nydelege sentrale småhusområde (mest kjent: Nordnes) så er Bergen (den faktiske byen, inkludert der bergensaren faktisk bur) temmeleg stygg. Det er som om perspektivet på kvar byen er aldri har utvida seg dei siste hundre åra.
Sjølvsagt løyser ikkje elbil dette. Det er resultatet av 75 år med idiotisk byutvikling. Litt bot kunne dei gjort ved å flytta heile gjennomkøyringa utanom sentrum.