NRKs "Tvers".
Her har dei eit artig og velprøvd konsept (organiser ni bokstavbrikkar slik at det vert to ord á fem bokstavar med kryss i midten). Du vert trekt for poeng både på tid og feil. Ei oppgåve/dag.
Problemet er at løysinga ikkje er eintydig, så oppgåva er å gissa kva for kombinasjon NRK har lagt, heller enn å få bokstavane til å gå opp.

I dag er løysinga
TØMME og RAMME, med det kunne jo like gjerne vore
RØMME og TAMME.
Dette har eg fånyttes teke opp med NRKs kundeservice. Vurderer ei klage til Kringkastingsrådet.