Når det gjelder høyredreiningen i UK, Frankrike og Tyskland så skyldes nok den til en veldig stor grad at folk er totalt forbannet over "de åpne grensers politikk". Ikke så mye på grunn av Ukrainapolitikken.
Det er klart at oppslutnaden til desse partia (Reform, RN og AfD) er kopla til innvandringa. Eg veit ikkje om eg går med på at den koplinga er så funksjonalistisk som du skisserer. Eg trur heller at det er snakk om ein vekselverknad.
1. Folk gjer obervasjonar rundt seg, både fysisk («eg kjenner ikkje att by(del)en min», «dei snakkar språk eg ikkje forstår på bussen», «desse ungane er ustyrlege, og eg veit ikkje korleis eg skal snakka med foreldra om det» osb) og i media (handgranater, knivstikking, ran osb).
2. Ytre høgre gjev meir eller mindre fantasifulle forklaringar, frå «grand remplacement» (far out), via «ibuande kjenneteikn ved islam» til «naiv tru på fargerikt fellesskap».
3. Desse forklaringane passar på observasjonane, og motiverer til å gjera fleire av dei som stadfester og opnar meir opp for andre (og meir ytterleggåande) forklaringar.
Køyr denne spiralen i sentrifuge, og plutseleg vert «innvandring» og «innvandrarar» det dominerande problemet, og Stoltenberg ein landssvikar.
(
Edit Sjå også posten frå JMM under. Når innvandringa vert kopla til den økonomiske nedgangen/stagnasjonen folk kjenner på kroppen, vert også dei opplevingane injiserte i stadfestingsmekanismen).
Når det gjeld Ukraina, er koplinga politisk meir diffus. Eg trur at det delvis er ein fascinasjon for Putin og den russiske nasjonalismen («endeleg nokon som sender woke-snøfnugga dit dei høyrer heime, til Sibir!»), og delvis ein irritasjon over det grøne skiftet. AfD har bokstaveleg tala argitert for å riva ned alle vindturbinar i Tyskland, og erstatta dei med kraftverk drivne av kol og russisk gass.
Weidel skrev:
She pledged to return to service the Nord Stream gas pipeline that was damaged in 2022 explosions shortly after Russia cut off gas supplies to Germany, and won loud applause for saying that AfD would tear down all wind turbines – which she described as “windmills of shame” – if it came to power.
Dei økonomiske banda mellom ytre høgre i Vest-Europa og Putin-regimet er også ganske godt dokumenterte.