I tilfelle noen skulle være interessert....
Susan Neiman meiner me ville hatt det betre utan woke, og at ei vektlegging av symbolsaker har øydelagt for venstresida.
www.aftenbladet.no
– For nokon vakre blomar! seier Susan Neiman.
Den amerikanske filosofen ønskte seg ein spasertur på veg til Tou, for det meinte ho ville vera godt etter reisedagen på torsdag, som blei avslutta med eit kveldsarrangement om kollektive traume under festivalen Wonderful World.
Ein del amerikanarar seier «great» ganske mykje, så mykje at ein tar til å lura på om skrytet er ektefølt, eller berre ein høfleg konvensjon.
Neiman er ikkje av dei. For nei, ho liker ikkje at arrangørane har valt Tou som festivalarena, for ho finn staden dårleg eigna, og arrangementet på torsdag meiner ho at var for kort til at ho fekk diskutert seg ferdig med samtalepartnarane sine.
– Trump bruker misnøye
Men sånn elles ser ho fram til å snakka på arrangementet «Trump og høyresidens kontrarevolusjon mot DEI og woke» fredag ettermiddag. «Kontrarevolusjon» er forresten ikkje eit omgrep ho sjølv vil nytta om det som skjer, så er det sagt.
– Er det nokon samanheng mellom woke-ideologi og Donald Trump sin framgang?
– Ja, absolutt. Trump har tatt den utbreidde misnøya med woke og brukt ho til å gå til krig mot alle forsøk på å stansa rasisme, sexisme og homofobi.
Dette gjer Trump blant anna ved å rulla tilbake DEI-tiltak i offentlege organisasjonar. DEI står for Diversity, Equity og Inclusion, altså mangfald, likskap og inkludering. Eit eksempel er at Trump-administrasjonen har truga med å halda tilbake statleg finansiering frå offentlege skular som ikkje har fjerna desse tiltaka. Eit argument frå Trump-sida er at slike tiltak fører til diskriminering av ei gruppe amerikanarane til fordel for ei anna gruppe basert på identitetstrekk. Så ein bruker altså diskriminering som argument mot tiltak mot diskriminering.
Kva er woke?
«Left is not woke» frå 2023 er den ferskaste boka til Neiman, og bakgrunnen for det ho skal snakka om på festivalen. Bøker ho har skrive er omsett til 15 språk, men «Left is not woke» har ikkje fått seg norsk språkdrakt, så «venstresida er ikkje woke», får vera eit forsøk på ei norsk omsetting.
Ja, her det er jo framleis eit ord som ikkje er norsk, men korleis omset ein woke?
Ifølgje Merriam-Webster si engelskspråklege ordbok betyr det å vera woke at ein er opptatt av viktige samfunnsspørsmål, særleg dei som handlar om rase og sosial rettferd. Ordet kan også bli brukt nedlatande om politisk progressive som er ein synest er blitt ekstreme.
– Problemet med woke er at det er eit usamanhengande omgrep, som er grunnen til at ingen kan definera det. Det er bygd på ein konflikt mellom kjensler og idear, seier Neiman.
Kjenslene meiner ho er slike som tradisjonelt appellerer til venstresida.
– Ein vil støtta dei som er marginaliserte og «underdogane». Det er eit tysk ordtak som seier «hjartet slår til venstre», seier ho og legg handa over sitt eige hjarte.
Problemet er ikkje at ein ønsker å stå på dei svake si side. Nei, det startar ifølgje filosofen når ein tar med seg reaksjonære idear på lasset.
– Dette er grunnen til at alle er forvirra, og til at woke undergrev dei verkelege kampane for venstresida.
Ein slik grunnleggande idé er tribalisme, eller stammetenking, der gruppa er viktigare enn det universelle. Eit anna problem, meiner ho, er at ein fokuserer på makt heller enn rettferd.
– Woke distraherer
– Hadde me hatt det betre utan woke?
– Ja, me hadde hatt det mykje betre utan woke. Problemet er at woke er blitt ein symbolsk kamp som distraherer oss bort får dei verkelege problema, seier Neiman.
– La meg gje deg eit eksempel, held ho fram.
– I mange land blir folk veldig opptatt av å byta pronomen. Samstundes har me ikkje gode nok stemmereglar i USA. Kvar stat kan sjølv bestemma kor mange dagar folk kan avlegga stemmer ved val, og i kva nabolag stemmelokala ligg. I mange fattige og- eller afroamerikanske område, må folk reisa langt for å stemma, sjølv om ikkje alle har bil, og dei må ofte venta i seks-sju timar for å få stemma. Venstresida er svekka fordi dei har lagt vekt på symbolsaker i staden på veldig viktige spørsmål om rettar.
– Kan ein ikkje både bry seg om pronomen og om valsystem samstundes?
– Det er 24 timar i eit døgn. Nokon jobbar fulltid, nokon har barn, nokon har begge delar. Dei symbolske sakene er enklare, dei er lågthengande frukt. Det er veldig lett å fokusera på det, og eg trur ein del bedrifter og amerikanske demokratar har fokusert på det fordi det alltid er billigare å utnemna eit par folk med farge til styret enn det er å faktisk innføra rettferdige praksisar på arbeidsplassen. Kanskje ein kan gjera begge delar, men eg trur ofte symbolske spørsmål er distraksjonar bort frå dei meir substansielle spørsmåla.
Universelle rettar
– Men er du einig i at folk blir diskriminerte på grunnlag av kjønn og seksuell orientering?
– Sjølvsagt.
– Og kva bør venstresida gjera med det utan å enda opp i tribalismen du kritiserer dei for?
– Eg meiner at me må sjå diskriminering basert på rase, sexisme og homofobi som ein del av eit større prosjekt om universelle menneskerettar. Og eg tru at om me ikkje gjer det, så ender me opp med tribalistiske kampar.
Ein fare med tribalisme er at også dei på motsett side tyr til ein oss-mot-dei-tankegang, fremmar Neiman.
Ho misliker sterkt såkalla identitetspolitikk, som ho meiner reduserer identitetane våre til faktorar me er fødde med og ikkje kan endra.
– Spør ein folk kva identiteten deira er, er det sjeldan at dei seier «eg er ein kvit mann», eller «eg er ei brun kvinne».
Venstresida
Neiman har sett opp nokon prinsipp ho meiner bør gjelda for ei liberal venstreside.
Ein liberalar, altså ikkje spesifikt ein på venstresida, bør vera opptatt av det universelle og av rettferd, og dei må ha ei tru på framgang. For ei liberal venstreside legg ho til eit fjerde prinsipp:
– Dei må tru at sosiale rettar er verkelege rettar, ikkje fordelar. Så det å ha ein stad å bu, tilgang til helsetenester og utdanning, tilgang til kultur og rettferd på jobb, er ikkje berre fordelar, men ekte rettar.
Med denne definisjonen meiner ho at dei amerikanske Demokratane ikkje er kvalifiserte til å vera venstreside.
– Bernie Sanders og Alexandria Ocasio-Cortez beveger seg mot venstre. Og mange av oss håper at Ocasio-Cortez vil stilla til val som president.
– Ja, om me då vil få eit nytt val, då …, legg ho til.
– Trur du det kan henda at det ikkje blir eit nytt presidentval?
– USA er på ein veldig mørk stad no. Eg trur ikkje det er sikkert at det skjer.
Men ho er rett nok mindre pessimistisk no enn ho var i mars.
– Det tok litt tid før folk dei fekk trekt pusten etter at Trump blei president. Men no finst det folk som kjemper tilbake. Om det amerikanske demokratiet skal halda fram, kjem det an på kva folk gjer det neste halvanna året.
Europeisk statsborgar
Neiman har budd i Tyskland sidan 2000, der ho er leiar av Einstein Forum, som jobbar for ein open, internasjonal debatt.
Mens Trump har tatt over makta i USA, har partiet Alternativ for Tyskland, AfD, vekse seg større i hennar nye heimland. Partiet er kategorisert som høgreekstremt av tysk etterretningsteneste,
skriv Aftenposten.
– Har woke bidratt til veksten til AfD?
– Ja, det trur eg. Til dømes så jobbar eg i ein offentleg institusjon. Når eg skriv offentlege brev, må eg skriva med det som staten har bestemt at er korrekt kjønna former. Er ein kvinne og ingeniør, skal ein bli kalla for den kvinnelege forma av ordet ingeniør. Slike spørsmål har ein fokusert på.
Ho trur dette kan ha gjort at folk ikkje opplever å bli tatt på alvor når dei ikkje har råd til å betala leiga si fordi pensjonen er for låg.
Skal tilbake til USA
Under Trump sin fyrste presidentperiode fann ho ut at det kunne vera lurt å skaffa seg eit europeisk statsborgarskap også, så no har ho to.
Ho har ikkje besøkt USA etter at Trump tok fatt på den andre presidentperioden sin i år.
– Det vil vera interessant å sjå kva som skjer når eg reiser tilbake.
Ho begynner å sjå slutten på perioden som leiar av Einstein Forum, og til neste år satsar ho på tre månadar i Los Angeles.
– Dottera mi som bur i California, meiner eg ikkje bør dra. For det er midt i skogbrannsesongen, og lufta der er allereie for dårleg etter førre sesong. Ho liker å bu der, men ho ser ikkje for seg at det vil vera mogleg å gjera det heile livet.
Kor lenge Neiman blir verande i USA, veit ho ikkje. Men:
– Eg føler at eg bør dra dit for å kjempa den gode striden.