Det virker som om det kom endel problemer i norsk husbyggning i overgangen fra tømmer-ramme-hus, som hovedsakeligt ble bygget før 2. verdenskrig, og til tynne-veggers-hus, som ble bygget etter 2. verdenskrig, hvor alt skulle være billigt, og som også var kalde hus. I 1970 var husveggene 10 cm tykke. På grunn av overnevnte, er jeg skeptisk til å bo i dårlig isolerte hus, tom. 1970-tallet, som også kunne ha problemer med fukt…
Eg trur eg skjønar (du kan openbert veldig mykje meir enn meg om dette).
Det eg har av nærkontakt med etterkrigshus med tynne vegger er huset til farmora mi (byggeår 1954) og til svigermor (byggeår 1963); det eine einebustad og det andre rekkjehus. I båe er det dårleg grunnmur (tynn, og med mykje graps i støypen), tvilsam drenering og tynne vegger/vindaugo. Eg budde også fem år i ein blokk på Veitvet (1953, trur eg): Der var prosjektert levealder ved bygging ca. 25 år, men det hadde vore ein god del oppgraderingar undervegs, så dei står sikkert til dei vert 100, minst.
Alle desse, men først og fremst småhusa, har ei distinkt kjensle (og litt lukt, sånn «kjellarlukt») av fukt. Samtidig er dei kalde, og litt trekkfulle, og den fukta kjenst ikkje lik som fukt i tettare og meir moderne hus. Svigermor bygde ut midt på 1990-talet, og den delen har vesentleg dårlegare inneklima.
Du har sannsynlegvis rett i kritikken av byggeteknikk før 1970. Likevel er det noko lett, og naturleg, ved desse Selmerhusa. Noko som leier tankane min mot bildesign frå same tida. Trur eg påpeikte det same då
@superhkm viste fram Pierre Koenings
Case Study House #21 frå 1959. Med norske 2025-briller ville vi rekna det som bølgjeblekkskur (det funkar sikkert i LA).
Hjeltnes har eit prosjekt der han strekte materialteknikk så langt han kunne for å få tynnast mogleg vegger, eg trur det var dette:
www.hjeltnes.as
Hjeltnes skrev:
The project is located in the northwestern suburbs of Oslo on a very limited plot. The outer fully insulated walls of the house are only 10cm deep, constructed with sheet steel, VIP-insulation and aerogel glass panels. This modern construction method is despite its cost relevant because it provides more area in this tight situation.
Det er tech, men samtidig har det noko av det lette ved seg.