Du har heilt sikkert rett i absolutt heile arbeidsplanen, men kor mykje av uttrykket vil då vera att?
Eller, spurt på ein annan måte: Kan ein gje eit nybygg i 2025 same uttrykket som Selmer gjorde?
Var nett på besøk i eit 2020-funkishus i eit av dei betre stroka i bygda. Mykje fint, både huset, romløysing (iallfall sidan familien ikkje fyller opp med bøker, plater og ugjort husarbeid og avsindige mengder rot, slik vi gjer), utsikt og inneklima. Men det var (som vanleg) ikkje ei einaste overflate eg trur vil sjå betre ut om tredve år.
Eg veit eg ville hatt det langt betre i dei husa Selmer teikna, sjølv om eg måtte gått med ullsokkar store delar av året.