Eg har sett stor pris på å lesa alle minneorda og slik forstå litt meir om kven og kvifor Sluket var den han var.
For meg, ein rævediltar her inne, har det vore utruleg fascinerande å følgja med på tolmodet og perfeksjonen i det han gjorde, anten det galdt hagen eller slukoteket.
Eg vil også, sidan ingen andre har gjort det, takka for bidraga hans i “Vakker design”-tråden, ein av OT-trådane han ikkje jamleg argumenterte for å leggja ned. Også der dryppa det tungt av kunnskap og innsikt opparbeidd gjennom lang tid, formidla med ein slik autoritet at det berre var å lytta.
Kvil i fred.