Produsert av Mammoth Screen, som har dei nyaste Agatha Christie-produksjonane for fjernsyn (iallfall Ti små negerbarn og Den fjerde rytter). «Overdådig» (er «lush» rett ord) produksjonskvalitet, same trykkande og urovekkjande stemning. Vonar dei gjer Evig natt også.
Akkurat. Ein månad seinare vart klart at dei gjer
akkurat det. Tippar NRK sender denne som påskekrim i 2026.
The BBC is making Agatha Christie's 'Endless Night' into a TV series with BritBox and Sarah Phelps.
deadline.com
Eg har vore blodfan av ITVs Christie-filmatiseringar av heilt sidan Suchet dukka opp på NRK på starten av 1990-talet. Stort sett har eg rekna det for å vera dei beste Poirot-filmatiseringane.
Eg såg nokre av dei tidlege episodane omatt for nokre dagar sidan (
Murder on the links og
Peril at End House). Ja, det er framleis mykje bra: Framstillinga av Poirot og Hastings er framleis den beste på skjerm så langt (ITVs Miss Marple må konkurrera med Joan Hickson). Samanlikna med Marple er omskrivingane moderate. Men det er få locations (= mykje gjenbruk), enkel filming og dramaturgi (nesten fjernsynsteater) og mange biroller er latterleg dårleg spelte.
Det vart betre på 2000-talet, definitivt.
Fordelen til Mammoth er at dei ikkje treng framstilla Poirot eller Marple, og dei kan skapa ei meir draumliknande, klaustrofobisk stemning; ikkje heilt det eg tenkjer på når eg tenkjer Christie-på-skjerm, men som likevel
passar.