Nettsteder med hvit skrift på sort bakgrunn
Tror det er en rimelig god grunn til at de aller fleste publikasjoner bruker hvit bakgrunn og sort skrift
Svart på kvitt er vel ein konvensjon som har oppstått pga utviklinga av trykketeknikk? Og så er det noko med at skjermen lyser på deg, ikkje berre reflekterer indirekte lys?
I førre hundreåret, med CRT-skjermar med dårleg oppløysing og refresh-rate, så fungerte ofte kvitt på svart best, og fekk hjelp av den naturlege utjamninga i monitoren.
I dag opplever eg det ikkje som så veldig viktig; å lesa god typografi på skjerm er nesten like bra som å lesa trykt på papir. Eg bruker også stort sett svart på kvit når eg skal skriva sjølv, og når eg les nettsider og PDFar. Det er lettare å tenkja på tekst som tekst når det ser ut som om det er trykt.
Men eg ser at tenåringen min, ho som er mest gamer og sit framfor datamaskiner i mørkret, liker svart bakgrunn. Sjølv tykkjer eg er greitt på mobiltelefon, som vert litt mindre som ei lommelykt midt i synet med svart bakgrunn.
Eg tykkjer også at
heilt kvit (#FFFFFF) bakgrunn fort kan verta veldig slitsamt å sjå på i lengda. Faktisk liker eg å lesa nettsider med ørlite gul eller grå bakgrunn.