Endeleg byrja på denne i kveld, tilfeldigvis på engelsk. Veldig bra. Las (også) koreanske «Sitron» for ei tid tilbake, likte den veldig godt.
Eg misliker k-pop, har aldri sett desse koreanske seriane og har inga særleg interesse for Korea. Eg veit, etter mønster frå barneskulen, at dei har eit elegant alfabet, bruker won som mynteining (jf Scrabble) og produserer elbilar, mobiltelefonar og krigsmaskineri. Dessutan heiter landet 韩国, han-landet, på kinesisk.
Men den konsise, litt kjølige, og lett forvrengde stilen i moderne koreansk skjønnlitteratur tiltaler meg.