Drift av sykehus er vel noe som har gått galt. Kommentar i aftenbladet i dag:
Ja vel. Eg burde sikkert vore gladare nå, men eg synest enno det er veldig rart, dette, sett frå sidelinja. For det er enno sånn: Vi har ein steinrik stat. Staten tener heilt sjukt med pengar. Offentlege sjukehus får alle pengane sine frå staten, fordi dei skal driva med nødvendig helsehjelp, ikkje med å tena pengar. Men når eit offentleg sjukehus treng å byggja nye hus, må dei gjera det sjølv. Spara opp av det dei har fått av staten til å driva helsehjelp for, så dei kan få låna nok pengar av staten til å byggja staten sine eigne sjukehus for.
Låna. Og betala tilbake. Med renter. Til staten.
Sjølv om dei er eit offentleg sjukehus. Sjølv om dei utgjer ei heil langside av grunnmuren i samfunnet, fordi dei skal gi helsehjelp etter kva du treng, ikkje kva du har pengar eller forsikring til å få dekka.
Vi treng det jo?
Neste år, for eksempel, skal SUS betala 550 millionar kroner berre i renter til staten. Det er fordi dei har bygd ferdig eit halvt sjukehus til oss nå. Samtidig vil dei jo gjerne fortsetja å byggja, altså så smått begynna på den andre halvparten, noko som sjølvsagt er fornuftig og lurt og ikkje noko å tvila på, for vi treng jo den andre halvparten også. Og alle forstår at det er dyrt å starta og stoppa og starta igjen, og dyrt å driva på to stader på uviss tid.
Så dei vil begynna med bygg E. Bygg E er viktig, for der er det ein bråte med poliklinikkar og dagbehandling. Og sidan akutten og sengepostane alt står klart i dette halve nye, treng dei å få på plass resten av dei same miljøa også.
I juni var ikkje styret sikre på at dei kunne seia ja til det. For det gjekk ikkje så bra med økonomien. Det må gå betre, viss dei skal klara å betala på låna sine, i tillegg til alt anna. Dei må forbetra resultatet frå i år til neste år med 200 millionar kroner. Sjølv om dei har fått tommel opp frå Helse Vest for å gå 440 millionar i minus neste år.
Det har gått ganske bra i sommar. Men det må helst gå endå betre i haust. På lønn, for eksempel, ligg dei 162 millionar kroner bak sitt eige budsjett hittil i år.
Ballar i lufta
Det er ganske mange ballar som ikkje har landa enno for at dette skal gå godt. Byggetrinn 1 er i sluttfasen. Det er rart om det ikkje skulle dukka opp ekstrautgifter der, når alt skal gjerast opp. Akkurat nå går det også ei rettssak mellom Nye SUS og entreprenøren Bravida.
SUS flyttar inn i det halve nye 16. november. Alt i løpet av vinteren må drifta på det nye sjukehuset vera mykje meir effektiv enn i det gamle, skal dei klara å forbetra økonomien så mykje som dei må. Arbeidsvilkåra må også vera så mykje betre at sjukefråværet går ned, nærmast frå dag ein.
I tillegg må sjukehuset klara både å behalda folka sine, og rekruttera nye. Samtidig som heile psykiatrien, for eksempel, på heilt ubestemt tid skal fortsetja i dei gamle bygga, og i tillegg vil måtta forholda seg til ein endå strammare økonomi, sidan andre har fått flytta inn i nytt. Ein kan trenga eit lyst sinn for å stå i den skvisen.
Tomt hus?
I alle fall. Tysdag la leiinga ved SUS fram eit forslag for å kunne fortsetja å byggja, samtidig som styret skal kunna setja foten ned for det, heilt fram til juni neste år. Alternativ 1, som styret gjekk samla inn for, er å få eit bygg ferdig til våren 2029. Viss det ikkje går, finst det to andre alternativ: La dei to øvste etasjane stå tomme og uferdige, eller la heile huset stå som eit tomt skal. Kontraktane som blir inngåtte fram til juni neste år, skal difor berre gjelda for eit heilt tomt hus. Sånn at ein faktisk kan stoppa der, viss ein må.
For eit skammas merke det ville bli. Eit tomt bygg. I landet med den rike staten som nektar å byggja sjukehusa sine sjølv.
Eg synest enno det er heilt kokko. Om det er aldri så bra tenkt og jobba av folka på SUS.