Heisann!
Da vart det meg som plukka opp
@raeggis sin forsterker med 2x2000AS1! Måtte berre prøvast etter alle lovorda her på vennetråden!
Har blitt testa i helga på Focal Electra 1027S, med Forsman Feed ht-kabler. Signalkilda var Eversolo Dmp-A8 kobla til IP med Whistler Coanda xlr. Eller Cambridge Audio Azur 851C + 851E, Coanda der også..
Med litt volum, spelte det utrulig flott med Eversolo. Drammen i regn med Jonas Fjeld og Hilde Heltberg (live) vart fremført på ei STOR djup scene! Og Marie Fredriksson med Den besta dagen vart framført nydelig!
Men på lågt volum var Cambridge-komboen meir musikalsk - kva no enn det betyr. Downtown train med Courtney Marie Andrews var flat og uengasjert på lågt volum med Eversolo, men blomstrameir med CA. Det same med diverse spor med Jackie Leven. Kanskje A8 ikkje likte å bli styrt av Tidal-appen?
Men IP presterte godt, også mot ein CA 851W. Så inntrykket er godt!
Vart formant av
@raeggis om at IP IKKJE måtte være påslått uten tilkobla elektronikk eller høgtalere. Så det vart sjølvsagt ikkje utfordra!
Men mitt spm blir da om A8 eller pre i standby-modus er ok, eller vil medføre at ‘den magiske røyken’ siver ut av IP?

Anyone?
IP vart i alle fall god og varm! Orka ikkje å holde handa mi på den meir enn 10 sekund.. Så må sjå om eg finn ei betre løysing mtp kjøling. Kanskje vifte? Eller kjøleribber? Kan ikkje plassere noke så varmt på rommet til tenåringen uten tiltak!
Mvh Arild
