Det kan henda eg byrjar å verta sprø.
Men for meg ser det ut som om Russland utilslørt prøver dytta situasjonen så nær ein open krig mot NATO (eller, den europeiske delen av NATO) som er mogleg, men føremål om NATO-land skal angripa Russland med ei definitiv krigshandling først ⇒ USA trekkjer seg ut ("this isn't Our War") ⇒ full mobilisering i Europa ⇒ full mobilisering i Russland ⇒ Phoney war, men med eit veldig ope trugsmål om ordentleg krig.
I det politiske helvetet* det vil vera å setja Europa på så god krigsfot det let seg gjera (Farange, Le Pen og Weidel vil kosa seg verre), kan Putin tilby ein generøs deal for å få ein fred som kviler på ein ny "sikkerheitsarkitektur" i Europa (vi kjenner grindbygget, som kort og godt er at alle NATO-styrkar skal halda seg vest for austgrensa til Tyskland, Sveits og Italia).
Det kan godt vera at eg tek feil. Men eg ser ikkje kva elles skulle vera føremålet.
* Edit, fotnote: Den kreative lesaren vil sjå at dette er ein analogi til den vanlege forklaringa på Sovjetunionens fall, som handla om at det ikkje var økonomisk og politisk mogleg for å SSSR å halda fram som militær supermakt par med USA.
Målet er med andre ord ikkje å invadera noko som helst av Aust-Europa (eller Svalbard), iallfall ikkje no. Ein blatant militær invasjon av td. Polen eller Suwałki ville vera så drøy at USA kanskje ikkje kunne trekkja seg. Målet er å framprovosera ein definitiv kollaps av ryggraden i NATO-strategien (USA), og politiske kriser på løpande band i Europa (med sjarmerande Nigel, Marine og Alice som handlangarar).