Dette er ikke et enkeltstående tilfelle – mange som har kommet fra DNR/LNR snakker negativt om Ukraina, bærer russiske symboler, og fremmer verdier som strider med det frie og demokratiske samfunnet de har fått beskyttelse i.
Einig i at det der er litt vanskeleg, og det er ikkje eineståande i historia, heller. Fleire døme på at flyktningar på «begge sider» hamnar her (Eritrea, td)
Difor plar eg vera ganske varsam med å anta for mykje når eg møter folk med bakgrunn frå eit eller anna konfliktområde.
Eg tenkjer at vi kan anerkjenna at sjølv om vi ser hovudsida i krigen, og tek stilling til den (Russland har gått til angrep på eit suverent land), så er det like mange individuelle historier som det er flyktningar. At det er innbyggjarar i Ukraina som både kjenner seg som etnisk-kulturelt russiske, og sympatiserer med Russland, veit vi (eg kjenner også russisk-språklege frå andre eks-sovjetiske statar som ikkje er pro-Russland, så ingenting er eintydig). Det er ganske naturleg at dei ikkje kjenner seg vidare velkomne i Ukraina slik det er i dag, og ganske truverdig at dei kan påropa seg å vera forfølgde.
Det å anerkjenna eit individuelt behov for vern er ikkje det same som å ta side for dei vi vernar (som gruppe).
Eit tilleggsmoment er sjølvsagt at pro-russiske element er eit sikkerheitsproblem her i landet, men det er jo heller ikkje nytt.