Tenker ofte at det er typisk Norsk å ha slike kart egnet for strategisk krigføring publisert for offentligheten. GRU har nok late dager
Prinsipielt har du rett; vi har tradisjon for å publisera offentleg det som i andre land ville vore rekna som militære hemmelegheiter.
Det var noko som overraska meg då eg loffa rundt i Levanten for tjue år sidan: Folk flest kunne ikkje lesa kart. Dei lærte ikkje å lesa kart på skulen og du fekk knapt kjøpt ordentlege kart. Det vart rekna meir eller mindre som, om ikkje
cosmic top secret, så iallfall ikkje slik ein klistra opp overalt. Det var kanskje like mykje eit uttrykk for elendig skuleverk, når eg tenkjer meg om.
Vi reknar vel framleis orientering i terrenget med kart og kompass som ein del av danninga.
Men akkurat
dette kartet var vel meir eit blokkdiagram over prisområdene, og overføringskapasitet mellom dei og ikkje så mykje eit kart over kvar spetsnaz finn lysbrytaren for heile Austlandet.