Platekrans er eit slags lodd. Det brukast på same måte som ein platestrammar, men er utforma som ein sirkel med ca 30 cm diameter, og leggjast på ytterkanten av vinylplata, som vert pressa ned også her. Det er eit presisjonsprodukt, fordi det må liggje med nokre få mm innpå plata, utan å vere så høg at pickupen kjem borti, og vere like godt balansert som ein platetallerken. Dette systemet har stor innverknad på plater som har litt kast i seg, eller slike som er tynne (typisk frå slutten av 70-/starten av 80-talet). Det finnest ulike produsentar, til dømes frå Clearaudio, men VPI har den som er lettast å bruke. Han sentrerar seg sjølv, når du vert fortruleg med bruken, og passar som hand i hanske til tallerkenen. (Dei andre eg har prøvd, må sentrerast med ein mal). Det seier seg sjølv at det vert problem om dette ikkje er perfekt sentrert.
Tallerkenane til VPI er også gode. Mange har akryltallerk, også VPI. Desse har innverknad på lyden - greitt, men ikkje heilt rett. Så kan ein leggje på ymse matter som fører til demping/forsterkning av støy i vinylen, oppklaring/tåkelegging av perspektiv, understreking/utflating av dynamikk. Eg har brukt matte, spesielt på direktedrivne platespelarar, men synest det er betre utan.
I starten hadde VPI aluminiumstallerk på sin beste spelar HR-X, noko som var endå betre enn akryl. Så fann dei på å lage ein spesialtallerk på ca 10 kg, laga av ulikt materiale. Denne hadde svært positiv innverknad på lyden, så dei laga ein som du kunne kjøpe som ekstrautstyr også til dei andre platespelarane. Eg fekk prøve ein slik, og måtte berre ha han, trass i ein pris på $ 1000 (litt billegare når han kom saman med platespelaren). Stor lydforbetring. Diverre hadde visstnok VPI ein skrotingsprosent på over 50, så dei har no slutta å lage denne. I staden har dei gått attende til dei gode aluminiumstallerkane. Men eg trur HR-X framleis har "supertallerkenen" som standard. Classic har to tommar tjukke og 20 pund tunge aluminumstallerkar, noko som bør vere bra.
Ein tung tallerken krev eit omfattande oppheng, om du vil ha det flytande. Flytande oppheng har visse positive sider om du ikkje kan ha vegghylle, men er ikkje så frie av påverknad frå underlaget som ein skulle tru. Her kunne det vore forska meir. Dei beste flytande opphenga som er å få, er frå dei utgamle Dualspelarane. Thorens er bra, og Linn endå betre. Men den beste er nok Avid sin toppmodell. Noko eg finn relativt uinteressant, då eg meiner at fast oppheng er mykje lettare å arbeide med. Men du bør altså ha ei skikkeleg vegghylle.
Drivverk er ikkje så vanskeleg når du har ein tallerken som er så tung at momentet får spelaren til å gå rundt utan å bry seg om krefter frå pickup m.m. Du må berre vere trygg på at motoren er stabil. Her har eg høyrt mykje rart som er veldig bra. Linn har utmerka motor, og det same skal gjelde for Wilson, sjølv om eg ikkje har personlege erfaringar her. Det beste eg har vore bort i, er frå NAS og Clearaudio (dei store). Desse motorane kan du halde i handa, og ikkje greie avgjere om dei står i ro eller er i gang. Eg trur dei vart laga av Pabst. Men NAS-spelarane er designa for å skubbast i gong pr hand. Ein motor som ikkje er overdimensjonert har mindre fare for å skape interferens og støy enn eit digert beist, slikt som VPI har. Heilt greitt om du spør meg, men mange finn det merkeleg og lite tilfredsstillande å ha ein spelar til fleire tusen som ikkje greier dette.
VPI løyste dette problemet til gagns. Dei har fleire motoralternativ, og det aller beste (på HR-X og min gamle Super Scoutmaster er det standard) består av to svært kraftige motorar som med reimdrift får eit svinghjul på ca 8 kg til å gå rundt. Dette driv så i neste omgang tallerkenen rundt. To svært kraftige motorar kan skape trøbbel, og kan fange opp elendigheit frå straumnettet. Difor har VPI laga SDS - ein straumforsyningsboks som kan ta "kva som helst" av nettspenning og gjere det om til akkurat dei Volt og Hertz motorane skal ha, fullstendig støyfritt. Men sjølve motoren treng eit par hundre timars "innbrenning" før han er støyfri.
Når det gjeld drifta, kan du skifte ut svinghjul til eit som har anlegg direkte mot platetallerkenen, slik at du får ei slags mellomhjulsløysing. Dette verkar positivt inn på dynamikken, men
berre dersom du brukar rett type pakning, og berre dersom avstanden mellom motor og tallerk er rett Eg berre måtte ha dette og, noko som har ført til ekstra mykje på passe på. Reimdrift på klassisk vis er lettare å få til, sjølv om du ikkje får så god dynamikk som meg...
Det er ulemper med VPI. Drivreimene kan slitne, og dei må haldast reine for å unngå støy. Men det aller verste er armane. Den einaste armen eg vil kalle "god", er 12"-versjonen. Unipivoterande armar er av natur daldrete, og dei vil alltid balansere som ein linedansar i rilla, sjølv om det finnest mange måtar å kompensere for dei medfødde problema. Når du kjøper ein 12", brukar du såpass med pengar at det er andre alternativ.
Eg likar armar der ein kan ta av pickupshellet. Då går monteringa mykje lettare. For det er dillete å passe på skruar og mutrar i miniformat, spesielt om du må gjere dette på den staden der platespelaren står, på vegghylla, bortgøymd frå resonansar og barnefingrar. Det å kunne løyse shellet, eventuelt ha eit par-tre ferdigmonterte som berre kan pluggast inn, gjer livet enkelt. VPI har gjort det svært enkelt, men du må då kjøpe eit heilt ekstra armrør. Det kostar, men til gjengjeld tek eit pickupskift under halvminuttet. Eit stort pluss.
Unipivoterande armar balanserar på ei kvass nål. Dette er lett og billeg å få til, men om konstruktøren er flink, kan det bli endå betre med gode lager. Eg har skrive mykje om dette på
www.audiophile.no, og har også gått grundig inn på kvifor eg etter kvart har valgt ein Kuzma 313 Reference. Sannsynlegvis hadde den nye 14" 4point frå same leverandør vore eit godt hakk betre. Men prisen vart for høg for meg. Dessutan burde eg hatt ein VPI HR-X til å få plass til armen, og eg orkar ikkje oppgradere.
Spelaren min er gått ut av produksjon, og eg trur at det berre er HR-X som kan levere betre lydkvalitet av det VPI produserer i dag. Eg trur at også denne fasast ut no. Men dei nye Avenger skal vissnok vere ekstremt gode, og har plass til fleire pickuparmar.
Råd: det er vanskeleg, ettersom VPI har fasa ut dei drivverka eg kjenner best, og at det no leverast vanlege motorar, SDS-straumforsyninga ikkje lenger står lista opp på sidene deira. Heller ikkje den verkeleg gode platetallerkenen står der. "Rimdrive" svinghjulet er også borte. Fabrikken har hatt eit generasjonsskifte. Så håpar eg at dei nye drivverka er like gode som dei eg kjenner.
Armane er eg ikkje så glad i. Men no lagar VPI også konvensjonelle armar til fornuftige prisar. Det finnest også andre produsentar. Går du t.d. for Jelco, får du ein utmerka, lettvint arm med standard pickupshell som kan takast av. Og om du har høgre ambisjonar, finnest det utruleg gode armar der ute, som kan ha enorm innverknad på lyden. Eg vart forbausa då eg (etter mykje erfaring i utgangspunktet) opplevde kor mykje betre lyd eg fekk med den nye Kuzma-armen.
Alternative drivverk - det er vanskeleg ettersom Euro og Dollar har vorte så dyrt no. Men dei austeuropeiske produkta er veldig spennande. I dag hadde eg kika på Kuzma og European Audio Team sine modellar for å sjå om gunstige prisar kunne oppnåast.