jmolnes's hifikrok

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Kontrastane kan knapt verte større, frå Opeth til Keith Jarrett?
    862E4DAE-0F52-445C-A4BD-B1A1D61C59CE.jpeg

    Part I har nokon av dei finaste parti som er spelt på piano. Dette og ei pils, det er trass alt lisjelaurdag, avsluttar kvelden her.
     

    bluesbreaker

    Hundeeier
    Ble medlem
    05.03.2009
    Innlegg
    22.514
    Antall liker
    57.382
    Sted
    Blåskogen
    Torget vurderinger
    1
    Hvis Jan Johansson er innafor, så kan jeg trygt anbefale denne med Jan Lundgren :

    På ACT. Låter bra gjør det også. 🙂
     

    oal

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    30.11.2007
    Innlegg
    690
    Antall liker
    1.508
    Torget vurderinger
    3
    Kontrastane kan knapt verte større, frå Opeth til Keith Jarrett? Vis vedlegget 870946
    Part I har nokon av dei finaste parti som er spelt på piano. Dette og ei pils, det er trass alt lisjelaurdag, avsluttar kvelden her.
    Nydelig plate!!
    Men sjekk ut Sun Bear concerts!!!
    En helt fantastisk boks!!!!
    😊
     

    ragwo

    Mud-fi freak
    Ble medlem
    02.05.2007
    Innlegg
    6.723
    Antall liker
    14.343
    Sted
    Bodø
    Torget vurderinger
    42

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Godt i gong med kaffi og musikk her. Bonus for ein kar som for tida er heimeverande, er VM i fotball. Mykje kan seiast om arrangørlandet, og etter mi meining skulle mesterskapet ikkje vore der! Nok om det. Gode kampar har det vore, og nokre overraskingar som vanlig.

    Har starta dagen med Jan Lundgren - The Ystad Concert som var tipset for kort tid sidan. No er ein personlig favoritt sett på:
    5BBEE528-69D4-4CD0-AE39-3F8F2BF6E019.jpeg

    Eit trygt val for alle som likar jazz.

    Ha ein fin dag, folkens!☕⚽💿🎶
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Har hatt ei god dose jazz tidligare i dag, så no er det tid for eit dykk i arkivet. Har hatt denne i tjue år, men den har ikkje vore spelt på årevis. På tide med eit gjenhør.
    8A1A91F2-2163-438D-8762-49547C7A0777.jpeg

    Mest kjende låta er vel No One Knows, og kanskje First It Giveth!

    God natt herifrå!🤟🏻
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Var så heldig å oppleve Nymark Collective i levande live. Kjøpte albumet etter konserten. Stor stemning på Rokken (studentkroa i Volda) under konserten. Medlemmane av kollektivet var Kåre Nymark, Tord Gustavsen, Mats Eilertsen, Kenneth Ekornes og i tillegg Kristin Asbjørnsen. Saknar berre eit instrumentalt innslag frå konserten på dette albumet.
    16C2F080-4279-4811-B509-9E484C8C6DF0.jpeg

    Edit: favorittlåta på dette albumet er Mourn Your Mourners, svingar som berre det!
     
    Sist redigert:

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.388
    Antall liker
    20.802
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    ^No One Knows er en skitbra rocknrollåt. Du skal ha ganske bra peil og sikkerhet om virkemidler for å ta siste verset ned slik det gjøres i den låta. De fleste ville valgt å gjøre motsatt: Mer øs.
    En ting til: De støtene som åpner og avslutter låta er ganske så Beethovenske.
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    ^No One Knows er en skitbra rocknrollåt. Du skal ha ganske bra peil og sikkerhet om virkemidler for å ta siste verset ned slik det gjøres i den låta. De fleste ville valgt å gjøre motsatt: Mer øs.
    En ting til: De støtene som åpner og avslutter låta er ganske så Beethovenske.
    Det er ei fabelaktig rockelåt!

    Klassisk musikk har eg diverre spelt veldig lite, og er nok på lavaste nybyrjarnivå. Har desse to boksane, men dei har fått lite merksemd. Det skal gjerast noko med!
    010F41D9-99D2-4C4E-8D31-9334255998A5.jpeg
     

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.388
    Antall liker
    20.802
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Veldig mye fint i den Harmonia Mundi-boksen.
    Prøv Berlioz’ Nuits d’ete på cd7. Passer fint med sanger om sommernetter når det snart er jul.
    Hele cd21 er kremen av wienerklassisisme.
    cd 16 må du høre. behagelig. cd7-9 tar du til påske.
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Veldig mye fint i den Harmonia Mundi-boksen.
    Prøv Berlioz’ Nuits d’ete på cd7. Passer fint med sanger om sommernetter når det snart er jul.
    Hele cd21 er kremen av wienerklassisisme.
    cd 16 må du høre. behagelig. cd7-9 tar du til påske.
    Tusen takk for tips! Set stor pris på det. Spelte cd7-9 ei påske for fleire år sidan. Ei fin oppleving. Det skal gjentakast.😊👍🏻
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    God første søndag i advent, alle saman! No er det tid for julemusikk her i garden.

    Eg er spesielt glad i førjulstida. Tida der ein lagar småkaker, julepålegg og alt anna som høyrer jula til. Er så heldig at eg har gode minner frå då eg var liten, og me delte hus med tanta til far min. Ho laga alle mulige småkaker, julebrød med rosin og sukat, syltaflesk og fårerull. Me salta sauderibbe og spekelår. Eg fekk vere med å "hjelpe" med det eg ville.

    Eg hadde ei juleplate eg fekk av pappa, den var med Dizzie Tunes og vart spelt mykje. Den høyrer med endå, fekk tak i den på cd for nokre år sidan. Sidan har det vorte fleire juleplater. Dei eg har vorte mest glad i som vaksen er Rosa Frå Betlehem, og Hellige Natt - Jul I Skippergata. No er det dei to siste eg har kjøpt som ligg klar.
    3BB2F287-97EC-4860-BA71-32317C2BF889.jpeg

    Ha ei god førjulstid!
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Eg har sidan tidlig nittital hatt stor sans for Ole Paus som artist, tekstforfattar, og ikkje minst formidlar. Legg ved ein omtale av juleplata han gav ut i 2006, kanskje den finaste juleplata eg har. Det er djupt rørande å høyre kafégjestane synge med på Deilig Er Jorden. Gjestar med eit mindre privilegert liv enn mange..


    Men akkurat no er det Bugge Wesseltoft, og eit piano som snøvar ned, som held meg med selskap.
    D05B9672-B187-4380-9097-F2E728FDE0F3.jpeg
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Inspirert av ein tråd eg ofte er innom, prøvar eg dette albumet av Ricochets. Likar rock, men har ikkje hørt desse før.
    F2AF23DD-A3AA-42E5-B172-B798EBF2940B.jpeg

    Som ein annan skreiv, så treng ein eit avbrekk frå jazz av og til. Albumet fall i smak også.

    I kveld vert det julebord med jobben, i lag med prehospital teneste. Har gjort klar kropp og dress. Høvelig drikke er lagt på kjøl!🏥🚑🥳🍻

    No er det ladetid! Når rocken er ferdig, vert det jazz og julemusikk att. God helg, folkens!
     

    Karmana

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.06.2008
    Innlegg
    24.205
    Antall liker
    62.242
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    42
    Passer bra! Du er ferdig med Isolation og klar for fest. Enjoy 😊
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    I kveld har det vore tilbake i jazzland. Starta rolig med solo piano traktert av Dave Brubeck.
    8B6EC3EE-916B-48EE-9451-47332C4FA212.jpeg

    Så innom Tord Gustavsen Trio med Opening, og no sporet Desert Sun frå denne strålande boksen:
    61720FC4-5928-4C28-92D4-0C5D5B4955D6.jpeg

    Me har hatt pinnekjøt til middag. Er mett og god endå, og kosar meg med siste rest av tilhøyrande drikke. 💿🎶🍻
     
    M

    musicus

    Gjest
    Var så heldig å oppleve Nymark Collective i levande live. Kjøpte albumet etter konserten. Stor stemning på Rokken (studentkroa i Volda) under konserten. Medlemmane av kollektivet var Kåre Nymark, Tord Gustavsen, Mats Eilertsen, Kenneth Ekornes og i tillegg Kristin Asbjørnsen. Saknar berre eit instrumentalt innslag frå konserten på dette albumet. Vis vedlegget 871405
    Edit: favorittlåta på dette albumet er Mourn Your Mourners, svingar som berre det!
    Den har jeg også, fikk også oppleve de rundt millennium skillet, kjøpte med en annen cd etter den konserten! Bra konsert vil jeg huske, kanskje på tide med ett gjenhør når man er hjemme igjen😊

    mvh
     

    oal

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    30.11.2007
    Innlegg
    690
    Antall liker
    1.508
    Torget vurderinger
    3
    I kveld har det vore tilbake i jazzland. Starta rolig med solo piano traktert av Dave Brubeck. Vis vedlegget 874404
    Så innom Tord Gustavsen Trio med Opening, og no sporet Desert Sun frå denne strålande boksen: Vis vedlegget 874406
    Me har hatt pinnekjøt til middag. Er mett og god endå, og kosar meg med siste rest av tilhøyrande drikke. 💿🎶🍻
    Den boksen der er bare helt fantastisk!!!😊
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Med litt meir vinter ute kjem ein nærare julestemninga! Godt å sitte inne i varmen med kaffi i nærleiken.
    0379EA2D-792E-4787-BB1B-AD47F4386308.jpeg

    Eg har i tillegg henta fram desse tre juleplatene!
    E70445C9-719E-41BD-850C-8FE1D3EDE4E3.jpeg

    Mathias Eick, Pasha Hanjani & Ertan Tekin har med Tre Vise Menn laga eit særs stemningsfull album. Bruken av eksotiske instrument i lag med trompeten til Eick er uvant, men resultatet må høyrast. Dei to andre albuma får speletid etterpå. Ikkje dårlige dei heller!☕💿🎶

    Ha ein fin dag, folkens!
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Fann denne snutten om grunnar til å kjøpe CD-plater på YouTube.


    For eigen del gjekk eg "heilt" over til cd avdi eg hadde nok med å kjøpe musikk på eit medium, og ha ein type avspelar. Det vart for kostbart i ungdoms- og studietida å kjøpe album på kassettar, LP-plater og CD-plater.
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Litt sløy jazz medan ein lagar matpakkar, og så får sendt ungane på skule. Frukost, kaffi og meir god musikk når eg har huset for meg sjøl!😊💿🎶
    739FF61F-59D5-46EA-95DC-0039DEF592B3.jpeg

    Fin vinter ute, godt og varmt inne!
    AB86BE53-F623-4F16-AEDC-421C873052B9.jpeg

    Ha ein fabelaktig dag, folkens!
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    From the inside, looking out!

    D4E19996-D7F8-44B9-9879-49DFEC51C7F7.jpeg

    Dette bilete er tatt frå kjøkkenet, og viser mellom anna deler av Folkestad og fjellet Kornbergveten. Frostrøyken ligg over fjorden.


    024502D3-6DE1-4EBB-A243-A35250A3280C.jpeg

    Dette er tatt frå sofakroken, og toppen av Volda skisenter viser såvidt att til høgre i biletet. Ikkje langt bak ligg Melshornet, også kalt "Skrytvasstind" på folkemunne. Det ligg eit bilete tidligare i tråden tatt derifrå.

    Fabelaktig flott no. Minus sju grader ute, men godt og varmt inne. Fyrer i ovnen og har kaffi i koppen. Høyrer no på A Charlie Brown Christmas, den har fått mykje speletid i det siste.

    F9CBD0AE-6D1D-4C6C-923A-EB13354B42BF.jpeg


    Ha ein fin tredje søndag i advent, godtfolk!
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Litt Jaco Pastorius i kveld. Han feira 30 års bursdagen sin 1. desember 1981, med ein konsert i lag med "nokre" vener. Opptaka frå konserten vart albumet The Birthday Concert, og vart gitt ut åtte år etter at han gjekk vekk.
    1191A329-9E37-41B9-A2AA-8BD5AA66EB71.jpeg
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Litt telefontrøbbel i førjulstida, så det vert nokre veker med ein eldre iPhone i delvis tilstand medan den andre er til reparasjon.

    Dei siste dagane har eg sett ein del på M*A*S*H, har nok sett det meste før, men denne gongen vert det i kronologisk rekkefølge. Bill Evans har leika seg litt med Theme From M*A*S*H (Suicide Is Painless), dyster tittel, men fin melodi. Fins på dette strålande albumet:
    AAE4A18A-90D1-42B9-9C64-A53A5590F7E1.jpeg

    Albumtittelen er ei oppfordring til dei som slit vinterstid!

    Ha ei fin helg, folkens!
     
    Sist redigert:

    TT.

    The smooth jazz guy! 😉🇳🇴
    Ble medlem
    15.11.2007
    Innlegg
    39.973
    Antall liker
    81.769
    Sted
    Knapstad
    Torget vurderinger
    96
    Får håpe nissen kommer med ny telefon 😂
    God helg pg kos deg med noe godt i glasset 😉👍
     

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.774
    Antall liker
    5.581
    Får håpe nissen kommer med ny telefon 😂
    God helg pg kos deg med noe godt i glasset 😉👍
    Kryssar fingrane, TT! Glaset vert fylt opp om ikkje lenge! God helg til deg også😊
     
    • Love
    Reaksjoner: TT.
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn