jmolnes's hifikrok

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • skranglefant

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    20.11.2015
    Innlegg
    2.247
    Antall liker
    3.138
    Sted
    Bartistan
    Er i gong med å rippe cdar kjøpt i haust. Tidkrevande arbeid, kjedelig, men kjekt når det er gjort! Må rydde plass til nye i arkivet, og har flytta nokre hundre album til fjernarkivet. I noverande konfigurasjon har eg plass til 540 enkle CD-plater nært anlegget. Har vurdert å bygge om hyllene lenge…

    No er det tid for øl og whisky til ein hardt arbeidende stakkar! Vis vedlegget 869877
    God kveld, godtfolk!
    Du verden! Her var det jo bøttevis av musikk også, ikke bare jazz 😜
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Med dette albumet oppdaga eg RHCP. Under The Bridge var låta. Året var 1992. Eg var i London. Kjøpte CD-en på HMV. Etter første gjennomhøring angra eg som ein hund. Likte berre den eine låta, men etter fleire runder fall eg fullstendig! Denne står som ein påle endå. Eit album som er best, spelt frå start til slutt. Den eine låta eg likte, vart til eit album der eg ikkje kunne spele anna enn alle i "one go"! Gje det ein sjanse eller ti!
    317E1E98-0BBB-4CD9-A70A-A6783247A534.jpeg
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Nye CD-plater i postkassa i natt. 😊 No er det, etter det eg kan hugse, berre ei CD-plate undervegs? Reknar med det vert fleire kjøp før jul.
    AA010D39-8B15-43DF-899C-6668EDFF2A5E.jpeg

    Frå første søndag i advent vert det mykje julemusikk her. Ha ei fin førjulstid, godtfolk!
     
    Eirik84

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    01.06.2011
    Innlegg
    3.870
    Antall liker
    3.343
    Sted
    Drammen
    Torget vurderinger
    12
    Er i gong med å rippe cdar kjøpt i haust. Tidkrevande arbeid, kjedelig, men kjekt når det er gjort! Må rydde plass til nye i arkivet, og har flytta nokre hundre album til fjernarkivet. I noverande konfigurasjon har eg plass til 540 enkle CD-plater nært anlegget. Har vurdert å bygge om hyllene lenge…

    No er det tid for øl og whisky til ein hardt arbeidende stakkar! Vis vedlegget 869877
    God kveld, godtfolk!
    Kjedelig, men enklere å ta unna underveis :) og skulle det skje i fremtiden at du har mindre plass til oppbevaring av CDer i stua er det behagelig å allerede ha hele musikksamlingen tilgjengelig. Er det lossless ALAC-filer du lagrer alt i? :)
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Kjedelig, men enklere å ta unna underveis :) og skulle det skje i fremtiden at du har mindre plass til oppbevaring av CDer i stua er det behagelig å allerede ha hele musikksamlingen tilgjengelig. Er det lossless ALAC-filer du lagrer alt i? :)
    Mesteparten av jobben er gjort no. Det er veldig kjekt å ha alt tilgjengelig👍🏻 Lagrar alt i ALAC, tida får vise om det er eit godt val. Fungerer veldig godt her. 😊
     
    Eirik84

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    01.06.2011
    Innlegg
    3.870
    Antall liker
    3.343
    Sted
    Drammen
    Torget vurderinger
    12
    Det er veldig kjekt å ha alt tilgjengelig👍🏻 Lagrar alt i ALAC, tida får vise om det er eit godt val på sikt. Fungerer veldig godt her. 😊
    ALAC er i alle fall lossless og med metadata slik som FLAC. Apple er jo store og de aller fleste streamer-produsenter har støtte for formatet, så kan ikke se for meg at det vil by på noen kompabilitetsproblemer i fremtiden selv om du skulle finne på å bytte ut Mac'en (y)
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Henta i postkassa no:
    8333A3EA-35A0-46F0-8913-3B0290460854.jpeg

    Sett mange er begeistra for denne. Gler meg til å høyre gjennom den.

    For tida ingen på innkomande.😳 Det må gjerast noko med. Viktig å ha noko å gle seg til! Når det er sagt, så er det snart førjulstid. Ei av dei kjekkaste tidene på året etter mi meining. Då går det mest i julemusikk, og det har eg litt av, så det er ikkje voldsom hast med å bestille nytt. Klarer nok å halde roa til i morgon, minst?!🤔

    Ha ein fin dag, folkens!😊💿🎶
     
    Karmana

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.06.2008
    Innlegg
    21.616
    Antall liker
    47.596
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    42
    Rub it in 😡 I min korte liste på Tidal med album jeg spiller med ujevne mellomrom har jeg både Jamal og Lateef…….men har tidligere søkt på Tidal etter det du har fått i posten……..uten resultat.
     
    Karmana

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.06.2008
    Innlegg
    21.616
    Antall liker
    47.596
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    42
    Det er Guds straff ttil sånne som deg! Kjøp CD'en - din gjerrigknark :mad: Istedenfor å henge rundt på "Tre-kroneren" i tide og utide.. :cool:
    Vi minstepensjonister kan ikke ødsle ut penger i tide og utide 😳 Men, hvis du støtter det lokale næringsliv istedenfor å kjøpe svenskeribben for kjipinger……..bestiller jeg cden 😄
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Rub it in 😡 I min korte liste på Tidal med album jeg spiller med ujevne mellomrom har jeg både Jamal og Lateef…….men har tidligere søkt på Tidal etter det du har fått i posten……..uten resultat.
    Eg prøvde å finne albumet på Spotify for å prøvelytte, men det var ikkje der. Måtte ty til Discogs då eg ikkje fann albumet dei andre stadane eg kjøper CD-plater. Halvvegs i første plate må eg seie meg veldig nøgd! Løp å kjøp!🏃🏻‍♂️💿😊
     
    IvarT

    Слава Україні!
    Ble medlem
    19.02.2015
    Innlegg
    1.787
    Antall liker
    3.252
    Sted
    Haugesund
    Torget vurderinger
    2
    Sjeldan har eg sett slik ein appetitt på cd-plater! Denne tråden burde eigentleg hatt namnet "Med kjærleik for cd-plata" eller noko liknande :)

    Ja, @jmolnes, eg kan skriva nynorsk òg. Eg er oppvaksen i Hardanger i tjukkaste indrefileten av nynorsken der me kunne lesa i lokalavisa at førarkortet vart kverrsett, sjølv om det vel også var lov å skriva beslaglagt på nynorsk. Men det skulle altså vera gammaldags. Kanskje det var derfor eg forlet heile nynorsken.

    Men nå skal eg ikkje kverrsetja heile tråden din med all denne bablinga om meg sjølv. Du veit jo at eg ikkje er nokon jazzist. Likevel har denne tråden ikkje berre fått meg til å opna augo på nytt for kva skatt cd-plata verkeleg er, men også fått meg til å leita fram dei få jazzplatene eg har.

    Eg las at Jan Johansson var relativt ukjend terreng for deg, så då kom eg på at eg faktisk kan bidra med noko konstruktivt i tråden din òg!

    Denne leita eg nemleg fram frå cd-hylla i dag og har halde meg med selskap etter middagen. Eg må seia at det var eit triveleg selskap :)

    en_resa.jpg
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Kor kjekt å lese det du skriv, @IvarT! Framifrå nynorsk skriv du også, og eg les det på hardangersk i hovudet.
    Eit namnebyte på tråden hadde eigentleg vore på sin plass, då eg nesten ikkje skriv om hi-fi, men om musikken eg kjøper og gleda den gir.

    Takkar så mykje for platetipset. Har no tre album av Jan Johanson, men skal få tak i Jazz På Ungerska og den du tipsar om.

    Eg har godt av å verte utfordra på fleire sjangrar. Det starta slik:
    Då eg vart tenåring vart det ei periode mykje AC/DC, Led Zeppelin og Pink Floyd. Dette inspirert av andre, hadde neppe funne fram til dette på eiga hand. Genesis, og seinare Peter Gabriel, sette også djupe spor. Då eg vart litt eldre tenåring, og fekk fleire nye vener, vart eg mellom anna introdusert for Mezzoforte, Casiopea, George Duke, Marcus Miller, Lee Ritenour og Dave Grusin. Dette opna vegen vidare til Miles Davis og Tutu, linken var Marcus Miller. Vegen til meir reindyrka jazz starta då eg kjøpte Miles Davis «Kind Of Blue».
    Det har vore mykje jazz og GRP-liknande musikk med meg. Tilsvarande lite rock, hardrock og klassisk med enkelte hederlige unntak.
     
    Stover

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    03.04.2022
    Innlegg
    148
    Antall liker
    184
    Sted
    Trondheim
    Torget vurderinger
    0
    Eg prøvde å finne albumet på Spotify for å prøvelytte, men det var ikkje der. Måtte ty til Discogs då eg ikkje fann albumet dei andre stadane eg kjøper CD-plater. Halvvegs i første plate må eg seie meg veldig nøgd! Løp å kjøp!🏃🏻‍♂️💿😊
    Qobuz er svaret :)
     
    IvarT

    Слава Україні!
    Ble medlem
    19.02.2015
    Innlegg
    1.787
    Antall liker
    3.252
    Sted
    Haugesund
    Torget vurderinger
    2
    Eg har godt av å verte utfordra på fleire sjangrar. (...) lite rock, hardrock
    Det tolkar eg som eit hint :D Kanskje du allereie kjenner til bandet Opeth? Uansett vil eg tru at det bandet kan vera ei fin bru mellom jazz og hardrock. Sjølv om det eigentleg er eit progmetal-band, er noko av det dei har gitt ut veldig jazza. Her er ein forsiktig smakebit:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Det tolkar eg som eit hint :D Kanskje du allereie kjenner til bandet Opeth? Uansett vil eg tru at det bandet kan vera ei fin bru mellom jazz og hardrock. Sjølv om det eigentleg er eit progmetal-band, er noko av det dei har gitt ut veldig jazza. Her er ein forsiktig smakebit:

    Du tolka rett! Har høyrd om bandet Opeth, men ikkje noko av musikken. Smakebiten likar eg!😊👍🏻
     
    IvarT

    Слава Україні!
    Ble medlem
    19.02.2015
    Innlegg
    1.787
    Antall liker
    3.252
    Sted
    Haugesund
    Torget vurderinger
    2
    Ok, ein til då og så skal eg gi meg ;) Dette er jo ikkje ein Opeth-tråd :D Litt meir trøkk her, men likevel eit litt jazza preg over det:

    TT.

    The smooth jazz guy!
    Ble medlem
    15.11.2007
    Innlegg
    33.108
    Antall liker
    52.069
    Sted
    Hurrahølet
    Torget vurderinger
    90
    «Olaf du må vakne, rocken kjem!»

    kven kveit kva som no vil skje når rocken kjem springande inn i denna gilde tråden. Kva vil då skje med all den framifrå jazzen eg og månge andre har vorte vant tel i frå starten. Man skal ikkje kimse av konsekvensane denna rocken fær med seg og ikkje minst styggedom!

    Ærbødigast ( og rabbagast) i frå nærleiken tå huvudstaden

    . (Fritt eiter Sylfest Strutle eller noko slikt) 😂🤣😂
     
    Frykt ikkje, @TT. Det vert ikkje fritt for jazz i denne tråden!😊
     
    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    19.515
    Antall liker
    22.809
    Sted
    Nede i fjæresteinene
    Torget vurderinger
    2
    Sjeldan har eg sett slik ein appetitt på cd-plater! Denne tråden burde eigentleg hatt namnet "Med kjærleik for cd-plata" eller noko liknande :)

    Ja, @jmolnes, eg kan skriva nynorsk òg. Eg er oppvaksen i Hardanger i tjukkaste indrefileten av nynorsken der me kunne lesa i lokalavisa at førarkortet vart kverrsett, sjølv om det vel også var lov å skriva beslaglagt på nynorsk. Men det skulle altså vera gammaldags. Kanskje det var derfor eg forlet heile nynorsken.

    Men nå skal eg ikkje kverrsetja heile tråden din med all denne bablinga om meg sjølv. Du veit jo at eg ikkje er nokon jazzist. Likevel har denne tråden ikkje berre fått meg til å opna augo på nytt for kva skatt cd-plata verkeleg er, men også fått meg til å leita fram dei få jazzplatene eg har.

    Eg las at Jan Johansson var relativt ukjend terreng for deg, så då kom eg på at eg faktisk kan bidra med noko konstruktivt i tråden din òg!

    Denne leita eg nemleg fram frå cd-hylla i dag og har halde meg med selskap etter middagen. Eg må seia at det var eit triveleg selskap :)

    Vis vedlegget 870879
    Er ingen stor tilhenger av jazz, men Jan Johansson er senke-skuldrene-jazz for absolutt alle. Anbefales på det sterkeste! :)

    Mvh
     
    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    I kveld prøvar eg dette albumet etter tips frå @IvarT.
    196A50C1-B42B-4938-943D-72D27504EE93.jpeg

    Trass noko dyster albumtittel let det rett så melodiøst. Det var ikkje slik eg forventa at Opeth skulle høyrast ut. Eg forventa noko i stilen til figuren Baron Blod.😂
    Namnet er på ein måte litt meir illevarslande enn til dømes Jan Johansson. Slik er det å ta til takke med det ein trur. Opeth har nok hardare skyts enn dette albumet. Skal utforske katalogen meir.

    Er ikkje heilt jaga jazzist, @bluesbreaker, utprøvande jazzist kanskje. Kjekt å utfordre seg med anna enn det vande. Avsluttar nok kveldens økt med litt jazz!☺

    Edit:
    Må berre klippe inn litt frå omtalen på Spotify:

    "Since their arrival in 1990 as the self-proclaimed "most evil band in the world," Sweden's Opeth have become one of the most influential heavy metal groups in all of Northern Europe."

    "their musical beginning was rooted in occult-saturated, doomy death metal"

    Dei let snillare..
     
    Sist redigert:

    jmolnes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.06.2003
    Innlegg
    1.317
    Antall liker
    3.880
    Metalfolk er flinke til å skapa dyster symbolikk, men er jo berre nokre pusekattar når ein kjem bak fasaden. Omtrent som dette:

    Vis vedlegget 870942

    Kos deg med Opeth, @jmolnes 😍
    Det skal eg! Herlig bilete!😂

    Likte godt Damnation. Hadde det ikkje vore for tipset ditt hadde det vore leeenge til dei hadde fått sjansen her. Takk skal du ha!😊👍🏻
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn