Jo, det er definitivt et poeng å bytte.
Det kalles standardisering.
Ah, du sa det magiske ordet. Eg er med på laget, men eg trur ...
Nøkkelen til å forstå kvifor tommar (og fot) har overlevd som mål på ein del ting, er at det er
klassenamn, sjølv om klassen tek utgangspunkt i eit mål. Vi har klassenamn i ISO også, sjølvsagt, og dei er veldefinerte (til dømes for papirformat;
ISO 216 så gjennomtenkt systematisk at eg får lyst til å gråta) når dei skal brukast til noko. Så har klassenamn i som tek utgangspunkt i ISO-einingar, men som berre seier "stor eller liten": best illustrert ved at du kan be om ein halvliter og få 500, 450 eller 400 ml øl. Eg hugsar aldri kor mykje "eit snitt" er, men det er iallfall mindre enn ein halvliter.
Unnataket er konfeksjonskle, der du faktisk kan måla halsen for å finna ut kva skjorte du skal ha. Men så kan du det ikkje likevel, fordi det vitale målet som seier om ei skjorte passar, er ermene og ryggen (for meg).
Igjen: Å byta ut klassenamn med tilsvarande i ISO-einingar, hadde vore uproblematisk, og sjølvsagt hatt universell nytte (utradera tomme-målet). Det er ikkje vanskelegare å samanlikna TV-ar på 122, 132 og 164 cm enn å samanlikna 48, 52 og 64 tommar. Men det er ikkje eit lokalt poeng. Men vi kunne sagt M, L eller XL?
Fly ramlar ikkje ned fordi armbandsuret går rundt to gonger i døgnet, og lurer ein forbipasserande på kva klokka er, er det heilt OK å seia "kvart på fem" i staden for 16:43. Men fly kan fort ramla ned om ein idiot har brukt 12-timarstid i ein kritisk algoritme.
Forresten: Britiske hattemål tek visstnok utgangspunkt i diameteren (i tommar med broten brøk), slik at dersom du målar omkrinsen i cm og delar på (2.54 π) skal du koma ganske nær. Men diameteren er sikkert nyttig for dei som skal kjøpa flosshatt, alså.