Valentino skrev:
Kidsa som laster ned og bytter seg imellom er fremtidens musikkjøpere. Kanskje noen av dem også kommer til å handle et musikkanlegg etterhvert?
Etter det eg kan minnest leggjer Cory Doctorow (
http://www.craphound.com) ein liknande argumentasjonsrekkje til grunn for å gje bøker og noveller med ein variant* av Creative Commons-lisensen.
Altså: Han tenkjer slik at for vaksne folk er ikkje USD 10 nokon blodpris for ei bok, men for tolvåringane er det kanskje halve månadsløna. Det viktige med tolvåringane er å kapra dei, få dei til å lesa SF i staden for andre ting. Når dei vert vaksne, vil dei truleg kjøpa bøker for pengar - sidan summen ikkje er ein særleg høg pris for leseglede og ikkje minst eigarglede (og bøker har utvilsamt ein veldig behageleg "taktilitet").
Viktigare, derimot, er det at desse tolvåringane (ok, 12-17, då) er den beste måten å skapa "buzz" rundt det han gjev ut. Når dei har lese bøkene hans, fortel dei om det på webfora, Twitter, Facebook, bloggar og eg veit ikkje kva. Slik vert det skapt eit momentum, slik at foreldre og besteforeldre får med seg at Doctorow har skrive ei bok som kidsa liker. Dimed, større sjanse for at dei kjøper "Little Brother" i jole- og bursdagsgåve. Altså, at publikum har den rolla som musikkmeldarane eksklusivt har hatt før.
(Det norske forlaget som sit med rettane til å gje boka ut på norsk, skjøna sjølvsagt ikkje bæret av dette, og har enno ikkje fått ut den norske utgåva).
Doctorow har sjølvsagt valt denne distribusjons- og marknadsføringsstrategien sjølv, saman med forleggjaren sin. Det er såleis ikkje heilt overførbart til ulovleg nedlasting (som
juridisk ikkje er steling, men brot på opphavsretten. Jus er ikkje moral, men det illustrerer iallfall at lovverket ikkje har gått i den openberre fella å samanlikna nedlasting med tileigning av noko fysisk).
Likevel, det kan vera interessant å sjå korleis nokon tenkjer seg at det skal vera mogleg å leva som kunstnar i ei verd der det teknisk er mogleg å laga uendeleg mange kopiar til tilnærma ingen kostnad, og lagra tilnærma uendeleg mykje utan lagerkostnader. Det finst vel musikarar som tenkjer på same måten, men nett no kjem eg berre på hip-hopgruppa Gatas parlament.
For å drodla litt vidare på dette:
Tradisjonelt har vi sett på det som ei viktig samfunnsoppgåve å byggja opp eit distribusjonsnett som sikrar alle tilgangsmoglegheiter til dei sentrale delane av kulturen og offentlegheita. Døme: ikkje-kommersiell radio, bibliotek og lovleg deling mellom vener. Ikkje-tilgang og privat bibliotek/audiotek har dimed berre vore ytterpunkt i eit ganske breitt spekter av
måtar folk har hatt tilgang til kultur på.
Det er mange som har skrive om at plateselskapene må endra på forretningsmodellen sin som følgje av at framstillingskostnaden pr. eksemplar har gått mot null. Eg trur at eit like vesentleg problem er at mellomløysingane (jf. over) ikkje lenger vert oppfatta som adekvate. Musikkbibliotek er fint, men eg trur mange tenkjer at det er for få, med for lite innhald. Radioen har jo eit godt tilbod, men sørgeleg lite fleksibelt samanlikna med det å ha enorme musikkbibliotek på disken sin. Privat deling mellom vener er vel framleis lov, men eg trur mange oppfattar det som ei gråsone. Den observante lesaren vil leggja merke til at desse tilboda ikkje har vorte absolutt, men relativt, forverra.
Eg tykkjer det er eit Teikn på Forfall (TM) at idéen om den ikkje-kommersielle offentlegheita er så lite framme i nedlastingsdebattane.
Eit anna poeng, er at eg lurer på om det ligg ein dobbelt motivasjon til grunn for dei som går så hardt ut mot nedlastarane. Ei legitim sak er omsuta for musikarar og musikkindustrien. Ei heilt anna sak at eg lurer på om dei som har bygt seg opp store og dyre private audiotek, gjerne med mange sjeldne godbitar, føler at verdien av deira eigen investering fell når "naboen kan lasta ned alt gratis".
Det siste ser sjølvsagt ut som mistenkjeleggjering og psykologisering. Men eg lurer på om det kanskje er noko i det likevel. Når eg får gjester som kjem inn i stova og bryt ut "oi, de har mange bøker!", så er eg alltid snar med å påpeika at mykje er kjøpt brukt og mykje har vi fått, rett og slett fordi eg veit at nyprisverdien av bøkene i hylla mi er så stor at mange ville meina det var misbruk av pengar (tenk så fin TV eller hifi vi kunne fått for den prisen), og ikkje har eg lese halvparten ein gong. Så eg vil ikkje skryta, men eg er no ganske stolt av boksamlinga likevel.
Tenk om naboen kunne lasta ned ti gonger så mykje bøker på harddisken sin og vore i stand til å lesa dei av på ein adekvat måte. Hadde den personlege verdien av biblioteket mitt vore like stor då?
* CC BY-NC-SA, trur eg.