Byrja på
Odysseen etter filmen. Var litt flau over å ha gått halve livet og, ehrm, underkommunisert, at eg faktisk ikkje har lese originalen. Eg har lese attforteljingar i prosa, og alle veit jo kva det går i. Gjekk forbi Frys prosaversjon. Han er ein fest, men det var jommen Homer òg (det hadde elles vore interessant å sjå korleis Hobbelstad fortel dei).
P. Østbyes riksmålsutgåve. Lover å gjera bot med Vandviks nynorske
Illiaden etterpå. Garborgs Odyssé er, diverre, ikkje så lettbeint som Østbyes. Men han er fritt tilgjengeleg på nettet (epub)
Nye, gratis ebokutgåver av Arne Garborgs 1918-omsetting av Odysséen - holten/odyssevskvaedet
github.com
No er det brått slik at eg må haldast i taumane for å ikkje skriva (eller snakka) på versemål. Eg skjønar at ein film med replikkar frå teksten hadde vore i meste laget, men dette er verkeleg ganske tøft.