Kjenner folk som framleis fordeler arbeidet slik, men det går berre for ei lita stund.
Eg tenkjer denne «tradwife»-trenden, forstått som livsstil, er uproblematisk. Ok, ikkje heilt, men iallfall ikkje verre enn alle andre moglege trendar influensarar på TikTok og Instagram promoterer.
Å henta inspirasjon til heimeliv, og for den del organisering av familien, frå det beste av «husmorperioden» (om vi strekkjer han litt, ein periode på ca. 50 år midt på 1900-talet) er heilt OK. Vi har det med å gløyma at det var desse damene (husmødrene) som skapte mykje av den moderne kjernefamilien, med familieheimen til ein stad for kvile, rekreasjon og fellesskap. Dei gjorde det heller ikkje som eit glamorøst overskotsfenomen, men ofte av plikt og med rasjonalitet og økonomisk sans (og på lærarvis minner eg om at ordet «økonomi» kjem frå oikos, familie/hushald).
Om vi diskuterer det som livsstil/trend reagerer eg på to ting:
1. For det første kor historielaust og lite rotfesta idealbiletet deira ofte er. Dei klypper og limar saman kvinnebilete (ofte glansbilete) på kryss og tvers av tid og rom, og lagar seg ei fiktiv førestilling om korleis «det var før». Som ein start, er det to bøker eg gjerne vil tilrå denne gjengen å ta utgangspunkt i:
Med kjønnsperspektiv på norsk historie (gjerne 3. utgåva frå 2020: Hagemann, Melby, Roll-Hansen, Sandvik og Øye), som er ei glimrande framstilling av kva rolle kjønn har spelt i det norske samfunnet. Dei kan gjerne starta med fjerde delen, om «husmortida» (Kari Melby).
Skikk og bruk (red W. Brøgger, 1960). Denne må dei forstå som kjelde og tidsbilete. Hjelpespørsmål: Til kven vart boka skriven, og kvifor? Ho gjev eit godt bilete av ideal og normer midt på 1900-talet, men er også normativ på den måten at ho tilbyr eit kritisk blikk på tradisjonane.
Vi kan også hugsa på at medan staten i mellomkrigstida såg den heimeverande husmora som kritisk i eit folke- og samfunnshelseperspektiv, så var dette synspunktet på veg ut allereie på 1950-talet.
2. Kor meiningslaust det er å kjønna denne trenden. Som omsorgsperson og vaksen hentar eg minst like mykje inspirasjon frå mor mi, og bestemødrene mine, som frå far min og bestefedrene mine. Å tru at praksisane deira skal vera utilgjengeleg for meg, berre fordi eg ikkje er kvinne, har kvinnekropp eller har fødd barn, er heilt bak mål.
Rett nok har mykje (men slett ikkje alt) av kunnskap om korleis ein gjer ting, vore tradert i kvinnefellesskap, men det er jo ingen grunn til at det skal vera ein norm.
Om vi diskuterer det som politikk
... stiller eg det same spørsmålet som eg har stilt før: Kva pokker
vil dei.