KK 7. juni
(
https://klassekampen.no/artikkel/2023-06-07/seier-store-er-uskuldig)
«Markedets dom over Støre er knallhard. Den norske kronen er pill råtten.»
Det sa investor Øystein Stray Spetalen då han førre veke presenterte sin analyse av den svake kronekursen i Dagens Næringsliv.
Aksjemilliardæren meiner at det er regjeringa som har skulda for at både bedrifter som importerer frå utlandet og norske utanlandsturistar får mindre å rutte med. Spetalen viser mellom anna til at formuesskatt og lakseskatt gjer Noreg og den norske krona lite attraktiv for utanlandske investorar.
Peiker på renta
Når Klassekampen ringjer rundt til nokon av landets leiande samfunnsøkonomar, er det få som festar lit til Øystein Stray Spetalens analyse. Dei viser til at krona har svekka seg gradvis heile det siste tiåret, og peikar på to hovudforklaringar:
- Styringsrenta i Noreg er lågare enn i fleire andre land. Har du pengar i ein norsk bank, får du dermed mindre i rente enn i andre land.
- Krona er ei liten og svak valuta, som vert råka ekstra hardt i usikre tider.
Økonomiprofessor Halvor Mehlum ved Universitetet i Oslo er ein av dei som er skeptisk til Spetalens analyse.
– Eg har ikkje noko særleg tru på den forklaringa, rett og slett, seier han.
– Kvifor ikkje?
– Min hovudforklaring vil vere at Noreg vert straffa som ein liten økonomi, og så kan det også handle om at investorar som er opptekne av valutasvingningar har meint at norske varer har vore for dyre. Kronekursen som har vore tidlegare har ikkje vore berekraftig over tid.
«Mykje synsing»
Også instituttleiar Steinar Holden ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo stiller seg undrande til forklaringa til Spetalen. Han trur det relativt sett låge rentenivået i Noreg er den viktigaste grunnen til at krona er svekka. Renta vert ikkje fastsett av regjeringa, men av Noregs Bank.
– Eg tykkjer debatten har vore prega av mykje synsing og lite empiri. Eg vil ikkje utelukke at politikkendringar kan ha bidrege til å svekkje krona, men eg ville gjerne sett tal og informasjon som kunne støtte opp under ei slik hypotese. Formuesskatt og lakseskatt bør ikkje ha noko særleg å seie for kronekursen. Noreg er framleis eit attraktivt land å investere i, seier han.
– Kva forklarer den låge kronekursen, då?
– Den viktigaste forklaringa er at den norske renta tidlegare var høgare enn den til handelspartnarane våre, og at vi no ligg litt under dei. Og elles er det ein generell tendens at når det er usikkerheit i økonomien, så råkar det små valutaer, seier han.
Fryktar for Piketty
Til Dagens Næringsliv sa Spetalen at når utanlandske investorar googlar statsminister Jonas Gahr Støre vert dei redde for å investere i Noreg. Investoren peiker på at Støre er inspirert av den radikale, franske økonomen Thomas Piketty.
Spetalen trekk også fram at mange norske rikingar har flytta til Sveits etter at Støre overtok som statsminister.
«Når de flinke og kapitalsterke nordmennene ikke engang vil bo i Norge, eller eie den norske kronen, hvorfor skal da utlendinger eie norske kroner? «, seier han til avisa.
Andreas Benedictow ved Oslomet har forska på svekkinga av kronekursen i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Heller ikkje Benedictow trur på Spetalens forklaring.
– Vi trur svekkinga av krona den siste tida heng saman med at norske renter no er lågare enn i andre land, og at det er usikre tider. Det er skumlare å investere i mindre valutaer.
– Kva tenkjer du om dei som meiner at det regjeringa si skuld, og særleg skattepolitikken dei fører?
– Skattepolitikk er ikkje ein faktor i vår modell, som forklarer kronesvekkinga ganske godt. Det som er avgjerande i vår modell er at den inkluderer indikatorar for framtidsutsiktene til norsk olje og gass og usikkerheit i internasjonale finansmarknadar, i tillegg til at rentene i utlandet har auka meir enn i Noreg, seier han.
Benedictow peikar på at svekkinga av kronekursen har skjedd over lang tid, og ikkje berre skjer under denne regjeringa.
– Krona svekka seg varig etter oljenedturen i 2014, og så har den i seinare tid svekkja seg endå meir, seier han.