Ja, men alt med måte.
@Espen R; om eg startar opp dieselbussen min i Halden (med full tank), svippar innom Sverige og køyrer tilbake, er det ikkje slik at eg kan få refusjon for vegbruksavgifta for tilbakelagde km i Sverige.
Poenget, slik eg forstår oppslaga om skattekommisjonen, er først og fremst at elbilistar også skal betala for å bruka det norske vegnettet. På den positive sida (for Staten) vil det auka inntektene. Den negative sida er sjølvsagt at det reduserer den relative fordelen med elbil.
Så er problemet at denne er avgifta tradisjonelt har vore indirekte, men
likevel veldig proposjonal. Indirekte, fordi det er eit kronetillegg på drivstoff, der prisane svingar ganske heftig.[1] Proposjonal som du elegant viste litt lenger oppe i tråden.
Dersom vegbruksavgifta skal vera
heilt proposjonal, som for fossilbilar, er det vanskeleg å sjå korleis vi skal koma unna å telja kilometer på norsk veg.
Dersom målet ikkje er presis, matematisk rettferdigheit, er det andre, kreative alternativ. Den observante lesaren vil sjå at alle desse alternativa er indirekte; vegbruksavgifta vil framstå som avgift på noko anna (nett slik han gjer for fossil-bilistar i dag).
- Kopla avgifta til trafikkforsikringa, som har innebygd køyrelengd. Dei har allereie teke seg av årsavgifta (trafikkforsikringsavgift), så vegbruk for elbilar burde vera greitt, det også.
- Bruka odometertala frå PKK og frå salsmeldingane. Ulempa er ei feit rekning frå Hr. Stat annakvart år, men det kan løysast ved å verkstaden krev inn km-avgift ved desse kontrollane.
- Leggja vegbruksavgift i hurtigladarar og påby at heimeladarar (Zaptec og slikt) skal rapportera forbruk til netteigar, som kan leggja eit tillegg på nettleiga.
Så spørst det kor mykje vi skal styra for å få presis rettferdigheit: Før det famøse vedtaket i vår, var avgifta 2.26 kr/l for diesel; for nemnde dieselbuss er dimed km-prisen 0.18 kr/km. For 20'000 km/året (over snittet, men ikkje overvettig mykje) er altså vegbruksavgifta 3620 kr/året; eller 300 kr månaden. Dersom vi gangar trafikkforsikringsavgifta for elbil (6.52 kr/døgn), flatt, med eit tal mellom 1.5 og 2, er vi eigentleg i mål.
(Las ein SSB-tabell litt skeivt i førre redigering, sjå bort frå denne sjølv om snittlengda ved eit slumpetreff var nesten rett. Det skal vera eit snitt på 13453 km/år for elektriske personbilar, jf
SSB 12577)
Dersom målet med å ileggja elbilistar vegbruksavgift i all hovudsak er fiskalt, trur eg dette er den klart mest effektive, og minst byråkratiske, måten å gjera det på. Faktisk trur eg det greiaste er å sløyfa å gjeninnføra vegbruksavgifta for fossilbilar 1. september (det vert uansett mykje støy), og berre auka trafikkforsikringsavgifta frå 2027 (men gjeninnføra CO2-avgiftene).
Summen er uansett for liten til å ha særleg regulerande funksjon åleine.
[1] Litt kreativt kan vi faktisk seia at dei faste, statlege avgiftene har bidrege til å stabilisera prisen på fossilt drivstoff for forbrukarane.