Det er bare å vente på skaderapportene....
Eg trur det stort sett kan gå greitt, iallfall dagtid på sumarføre.
Mitt inntrykk er at norsk trafikk generelt sett har ganske greie toleransar. Vi ventar stort sett heller ti sekund ekstra enn å sjansa på at luka er lang nok, og ventar til vi er heilt sikre på kva den andre skal gjera før vi handlar. Sjølv om nokon blinkar inn, er det vanleg å vurdera både fart, plassering og kanskje til og med oppnå augnekontakt før ein legg det til grunn at vedkomande skal inn der.
Altså: Eg trur trafikkbiletet vårt har kapasitet til å takla at det køyrer rundt ein del auto-automobilar.
Det skumle kan kanskje vera siste. Det er ganske mange situasjonar der ein faktisk prøver å oppnå blikk-kommunikasjon med andre førarar. «Har du sett meg?» «Skal du inn der?»