Så du gir opp fordi det ligger i universets natur at en 18 åringen bare skal ha med din 15 åringe datter for å teste toppfarten natt til søndag
Vi kan halda døtrene mine utanfor, men herrejemini.
Her gav eg deg rett i at det finst ein grupper trafikantar det FSD absolutt kan vera fornuftig, men at det mest patosfylte dømet ditt ikkje trefte: Dei som gler seg pubertalt over sinnsvake motorkrefter og trur offentleg veg er staden for motorsport. Det er mogleg å vedgå at det var eit dårleg døme.
Elbil-produsentane, særleg Tesla, har heilt tydeleg (av naturlege grunnar) forsøkt å laga bilar som er attraktive for det segmentet, så at motivet for FSD skal vera trafikksikkerheita tek eg med ein kilo vegsalt. Sjølv om det er eit nobelt motiv.
Så kan vi diskutera om pensjonistar som av sterke menneskelege omsyn får behalda sertifikatet, og folk med så lite dømekraft at dei køyrer trass promille, er dei som kjem til å stå fremst i køen for FSD. Der ligg eit problem.
Så kan vi vidare sjå føre oss ei framtid med sjølvkøyrande bilar som norm på offentleg veg. For meg høyrest det ut som eit forsøk på å finna opp kollektivtrafikk på nytt.