Et menneske bak rattet kan finne på å kjøre over en rundkjøring, eller kjøre i 225kmt med 3 tenåringsjenter i baksetet uten belte. En selvkjørende maskin vil ikke gjøre slikt.
Eg skal gje deg rett i det siste: Ein auto-automobil vil ikkje køyra i 225 km/t med 3 tenåringsjenter i baksetet. Men ingen som nett har runda 18 og står der med ferskt førarkort og pappas bil vil invitera tre tenåringsjenter med på ein køyretur for å beundra Teslas sjølvkøyring*, heller.
Eller, omformulert: Dei som vil køyra bil for å få adrenalinrush, er ikkje målgruppa for sjølvkøyring. Det veit sannsynlegvis også elbilprodusentane (særleg Tesla), sidan det å utstyra elbilane med avsindig motorkraft har vore sentralt.
Derimot kan det kanskje redda ein del sjåførar som ikkje burde køyra bil og veit det sjølv, men gjer det likevel. Type 75+, sjåførar med promille som berre nett skal køyra ein kort tur osb. Slike som kan koma til å ikkje oppfatta at det er ei rundkøyring før det er for seint («no vert det litt humpete her!»).
*) antek her sjølvkøyring på det nivået du og Musk ser føre dykk, utan å vurdera realismen i det.