K
Kaare G. Opsahl
Gjest
Fra Townes
Townes skrev:
Artist: Elbow
Tittel: The seldom seen kid
Label/År: Polydor/2008
ZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZZ.
Gåte: Kva for ein om ein parrar streit radiohead, med kjedelig coldplay? Jau, trulig noke som ikkje er heilt ulikt Elbow.
Til tross for, har eg fått høre frå pålitelege kjelder, ein del år på baken, er Elbow eit heilt nytt bekjentskap for meg. Heldigvis har eg ikkje gått glipp av så alt for mykje. Det værste først: Det er heilt greit at vokalisten (som eg ikkje eingang anar ka heiter) åpenbart kjeder rævva av seg i studio, men kvifor må han projisere all kjeisemda over på meg? Det er som om kvart ord blir dratt ut av ham med ei makt han ikkje kan kontrollere. Han syng ikkje fordi han vil, men fordi han må. Og ikkje "må" fordi han drivast ut frå ei genuin kunstnerisk kraft, langt derifrå. Det er så totalt uinspirerande og uengasjereande at eg nesten blir litt fascinert. Er det med overlegg kanskje? Er det ein plan bak det heile? Er det dette som er "greia" til Elbow? Tjah. Fanden veit.
Eg har sett fleire nemne denne plata som ein skikkelig godbit opptil fleire gongar, så eg var faktisk litt spent på ka eg hadde i vente. Ikkje heilt utan forventingar heller. Ekstra nedslåande var det då å konstantere at dette høyres ut som erkebritisk sytepop. Eg har ikkje gidda sjekke eit einaste fact om Elbow, men eg vedder dattera mi og halve kongeriket på at dei er frå England. Dei er betyeleg streitare enn Radiohead, og av ting eg har høyrt så er det nok Coldplay som er mest nærliggande å samanlikne med.
Herregud så hjelpeslaust kjedelig dette er. Det er så absolutt meir kjedeleg enn det er dårleg, det skal dei ha. Det finnes eit hederlig unntak; Grounds for divorce. Ein bluesa rocker kor det faktisk er driv og inspirasjon å finne. Dette er faktisk ei nokså kul låt, drevet av eit riff som faktisk fungerer. Bruken av akustisk gitar på verset fungerer også svært bra. Utover denne er det lett svevande, sødmefylt og drømmande pop over ein lav sko. Værst av alt er nok One day like this, med ein outro som rett og slett tar kaka. Produksjon- og lydmessig snakkar vi stort sett litt stryk og piano her, noken vibrafoner (av alle ting) der, og ein og annan gitar. Alt meir eller mindre like totalt uengasjerande, kanskje med unntak av The fix kor Richard Hawley bistår den ellers hjelpelause vokalisten; han orka sikkert ikkje synge heile sangen aleine. Her er dei også inne på noke riktig, og det er ikkje mange lysår unna noke som kunne ha vore ei konvensjonell Nick Cave&tbs låt. Det er heilt sikkert knallgod lyd på denne plata, og det er nok fint lite å utsette på produksjonen. Men igjen; eg høyrer på musikk, ikkje på lyd.
Så bollocks til Elbow for å kjeda meg halvvegs til døde med noke som aldri skulle vore utgitt. Ein 7" med Grounds for divorce på a-sida og The fix på b-sida hadde vore meir enn nok. Det hadde til gjengjeld vore ein nokså bra 7".
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
CEVBOF hadde sagt 3/9 (tilsvarar kjipaplate)