Var i Sibir for noen år tilbake. (Før krigen i Ukraina) Snakket med folk i Irkutsk og Listvianka. Disse byene ligger ved Baikal sjøen som rommer nesten 25% av alt flytende ferskvann i verden. Flere uttrykte en frykt for at kineserne ville prøve å få kontroll over denne enorme vannkilde. Mongolia ligger i veien, men det bor det bare tre millioner mennesker.
Det er jo vanskeleg å vita kva Xi planlegg, men eg har vondt for å tru at Kina ser føre seg å utvida sjølve Kina.
Rett nok, Tibet (men historia der er litt tvetydig) og litt grensekrangel med Sovjetunionen, men for det første var det under Mao, og for det andre ser den utanrikspolitiske linja meir ut til å handla om å verta hegemonisk i Aust-Asia, ikkje nødvendigvis la alt vera kinesisk.
Så eg trur Kina vil føretrekkja å få tilgang til ressursane i Sibir (og Sentral-Asia) utan å nødvendigvis ha PLA-soldatar på bakken, og nett no serverer jo Russland det Kina vil ha på eit sølvfat. Dersom Russland skulle bryta saman etter at dei har øydelagt seg sjølv fullstendig på den mislukka imperiebygginga vestover, vil Kina sikkert finna ein måte å samarbeida heilt glimrande med den frie, sibirske republikken (akkurat som dei var tidleg ute med å laga avtalar med Taliban-regimet etter at USA stakk).