Tolkien brukte hele post-publikasjon-livet på å benekte at bøkene var ment som en allegori på WWII eller noe som helst annet, helt uten gjennomslag fordi folk insisterte på å projisere sine tolkninger inn i dem.
I føreordet til andreutgåva skriv han (p. xvii-xviii i 1999-paperbacken eg har i hylla; mi utheving)
As for any inner meaning or 'message', it has in the intention of the author none. It is neither allegorical nor topical ... But I cordially dislike allegory in all it's manifestations, and have always done so since I grew old and wary enough to detect its presence. I much prefer history, true or feigned, with its varied applicability to the thought and experience of the readers.
Eg motseier ikkje Tolkiens eller Homers rett til å skriva utan å meina å skriva allegori: Sjølvsagt har dei slik rett, men i nær sagt alle bøker (særleg mytisk-episk) vil det i det minste liggja ei førestilling om kva som er godt, sant og rett - både hjå karakterane og hjå forteljaren. Eller iallfall, når vi les (ser), vil vi få eit inntrykk av ei slik førestilling.
Av og til svarar denne til vår eigen, andre gonger skapar det friksjon. Den kan vi verta irritert over, oversjå eller engasjera oss i. Eg har ingen problem med at Tolkien, Wagner, Tom Clancy, Dostojevskij, Bernanos, Bach og Hamsun openbert hadde andre slike førestillingar enn meg, men det skapar noko "anna" eg må forstå og forhalda meg til.
Så er det andre gonger der forteljinga svarar heilt til meg sjølv, eller iallfall så pass godt at eg ikkje tenkjer over når han ikkje gjer det.
Og så tenkjer eg at alle dramatiseringar er lesingar, gjennom fleire lag.
Om du reagerte på "politisk", greitt. I concur. Eg har ein tendens til å bruka ordet breiare enn eg burde, nesten i ein 1970-talsforstand ("Ingen kommer undan politiken! Det personlige er det politiske! Yes, it's fucking political!")