Vera P150/600 RS er andre forsterkaren frå norske Vera. Eg må innrømme at eg fekk hakeslepp då eg høyrde kva den fyrste Vera-forsterkaren P400/1000 var i stand til å gjere. Og no syner det seg at veslebror er like god....
Eg har innlemma Vera P400/1000 i anlegget mitt. Denne vesle tøffingen greier å levere såpass mykje effekt at det får mine svært tungdrivne MBL 101E2 til å danse. Sannsynlegvis leverer dei i underkant av 1000 Watt når eg skrur opp, noko som fører til eit ganske travelt lydtrykk. Men det syner seg også at dei får MBLane til å spele utmerka også på meir moderate lydnivå, noko som ikkje alle forsterkarar klarer.
Eg hadde altså vorte van med P400/1000, og fekk no sjansen til å prøve om den endå mindre vrengande P150/600 RS kunne klare det same, trass i mindre effektreservar. Forsterkarane verkar heilt identiske, bortsett frå at den største forsterkaren var utstyrt med kjølevifte, der minstebror måtte klare seg med lufting sidan han drog mindre effekt.
Les heile testen av Vera P150/600 RS i Audiophile.no