Det er jo godt mulig at lyden blir bedre via BT når kilden er lossless, på samme måte som at noe som er filmet i 4K får et bedre bilde når det vises(komprimeres til) i 1080P. Et bevis på sistnevnte er Roger Water sin «TINAD» som er filmet i 6K, jeg har aldri sett bedre bilde på min OLED når kilden har vært vanlig Blu-ray.
Hm. Ja, det er jo ein analogi.
Eg tenkte at dei fleste BT-codecs er lossy på ein eller annan måte, og dersom kjelda (sporet frå Spotify) allereie har vore gjennom ei lossy komprimering, så kan yttarlegare lossy komprimering av materialet med annan codec gje pussige artifaktar. Hugsar den effekten var tydeleg med JPEG på foto i gamle dagar; dersom eg fekk ei fil i JPEG og skulle redigera, pla eg lagra i TIFF for å unngå ytterlegare informasjonstap. Men det er snart tjue år sidan eg dreiv med slikt.
Det er uansett mogleg at effekten vil vera størst i mitt eige hovud.
Det slår meg at mesteparten av frykta eg har for lossy lydkomprimering har eg frå lossy biletkomprimering frå den gongen 1 MP var stort og MP3 på 160 kbit/s kvalitet var greitt fordi filene uansett var brukskopiar av CD-plater.
Til dere som ikke har fått lossless på iPhone/iPad, har dere restartet telefonen/iPad-en?
Restart, altså ikke av og på igjen.
iPhone, iOS 18: Eg restarta og logga av og på, kvar dag, utan at det hadde synderleg effekt, før det plutseleg var på plass.