Årets påskekrim
Mord i Sogn, ep 1-2. TV2 Play
Burde vera obligatorisk for oss som elskar Sogn og Fjordane. Typeteikningane er gode og presise. Landskapet er som skapt for ei norsk utgåve av Shetland.
Diverre er skodespelet (med ein del unnatak) under norsk middels, og eg irriterte meg grøn over salaten av skodespelarar som prøvde å snakka sogning og fekk det til i varierande grad. Nokre unnatak, sjølvsagt, men når du skal laga fjernsyn der den vanskelegaste dialekten vestpå er eit sentralt punkt, bør det funka litt betre. Pluss for Tokvamen, då.
Plottet er enno verre, og sakene i dei to første episodane vart først bygd møysamt opp, og så løyst ex deus machina dei siste fem minutta.
Ikkje heilt Shetland-kvalitet, diverre. Langt frå.
Men hovudpersonen hadde eit Audio Note-anlegg, og det vart delvis brukt for å forklara kvifor han var skild («Å kjøpa høgtalarar til 300 000 er ikkje å ta grep om livet sitt, Ole»)