Oddgeir og nynorsklauget - innkalling til årsmøte.

G

Gjestemedlem

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
Alfred skrev:
Fins ikke god litteratur skrevet på nynorsk. Noe bra på dialekt.
Latterleg og usakleg påstand.
Fyrste interessante verk på nynorsk: Ivar sitt omsetjingsarbeid av Schiller: Songen um klokka.
Og så går det berre verk i verk, heilt opp til våre glitrande notidsforfattarar Ragnar Hovland, Åsmund Forfang, og alle dei andre som ikkje har feiga ut endå.
Noko av problemet trur eg ligg i den litteraturen inkjeanande elever blir utsett før i skulen når dei tek til å lesa nynorsk for fyste gongen. For meg satt bileta av Tarjei Vesaas sin Fuglae som kva nynorsk litteratur handa om fast i mange år. Litt som finsk fjarnsynsteater på eit svart kvitt fjarnsyn.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Gjestemedlem skrev:
Audiophile-Arve skrev:
Alfred skrev:
Fins ikke god litteratur skrevet på nynorsk. Noe bra på dialekt.
Latterleg og usakleg påstand.
Fyrste interessante verk på nynorsk: Ivar sitt omsetjingsarbeid av Schiller: Songen um klokka.
Og så går det berre verk i verk, heilt opp til våre glitrande notidsforfattarar Ragnar Hovland, Åsmund Forfang, og alle dei andre som ikkje har feiga ut endå.
Noko av problemet trur eg ligg i den litteraturen inkjeanande elever blir utsett før i skulen når dei tek til å lesa nynorsk for fyste gongen. For meg satt bileta av Tarjei Vesaas sin Fuglae som kva nynorsk litteratur handa om fast i mange år. Litt som finsk fjarnsynsteater på eit svart kvitt fjarnsyn.
Fuglane er ei grei bok, det. Men eignar seg i svært liten grad for ungar. Til dei av dykk med håpefulle born som tyrster etter gode nynorskbøker, vil eg tilrå Dustefjertenbøkene (av Rune Belsvik - svært gjevande, særprega og underfundig humor), og for dei med behov for vestlandsk råskapshumor til småborna: "Onkel Oskars saueost", og "Onkel Oskar spring naken heim til jul" (heitte han ikkje Torvald Sund, forfattaren, tru?)
Mellom mange andre.
Slepp ikkje Vesaas laus på ungane som fyrstegongsoppleving med nynorsken - det vert for tungt. Som om eg skal sleppe Hamsun laus som sidemålspensum på mine stakkars åttandeklassingar i norsk, liksom......
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Parelius skrev:
Så no er eventuelt blitt rein omsetjingsverksemd. Men vi må ikkje miste av syne den plikt me har overfor drukkenbolten; sjelsrøkta hans. Omsut for nesten lyt vera det indre tildriv i lauget.

6.

Himlars gud
bad han hjelpe seg,
då særd til dauden han vakna;
men han fekk
ta syndene på seg
som hadde svike ein saklaus.

Eg må berre hylda Kompo for det vakre 6. verset i laugssongen vår. Særs flott!
Drukkenbolt?
Eg trur du får snakke med kasseraren om innkjøp av ei nynorsk synonymordbok. Dette var ikkje pent sagt.
 
P

Parelius

Gjest
7.

Heilage englar
kom ned frå himmelen
og tok sjela hans til seg;
eit reint liv skal ho
evig leva
hjå den allmektige gud.
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
E møtet over? E vi gått fra å være et nynorsklaug te å bli en diktklubb??

Eg bare lurar... ;)

E du blitt religiøs Parelius?

Eg bare lurar.. ;)

Ka gjør vi no, har lederen eller sekretæren nokke mer på programmet?
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Skaldekunst har alltid stått høgt i nynorsksamanheng, heilt sidan han Ivar (han som vi er så glade i) sette saman språket og omsette Schiller. Dette må vi ha rom for. Og eg tykkjer det ville vere feil å vere streng med Parelius sjølv om han tydelegvis er på ein religøs raptus akkurat no - det kan godt vere han kjem seg.

Møtet er slutt når vi går under sperregrensa, men kvar gong vi er nær denne, er ein eller annan ihuga målmann der og trekk oss attende til toppen av offtopic.

Vi kan godt ha eit nytt møte ein annan gong, men når skipingsmøtet er over, vert det ikkje sjølvsagt at eg er ordstyrar lenger - det er vel meir sannsynleg at det vert leiaren. At det då kjem til å utarte, er eit scenario eg lett kan tenkje meg.

Før vi sig under sperregrensa vil eg berre lufte resultata av "nasjonale prøver". Sogn og Fjordane + Hordaland ligg godt over gjennomsnittet på vidaregåande, medan grunnskuleresultata er best i landet. Dette kan vel ikkje skuldast anna enn nynorsken og vår grisgrendte levesett?
 
G

Gjestemedlem

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
Før vi sig under sperregrensa vil eg berre lufte resultata av "nasjonale prøver". Sogn og Fjordane + Hordaland ligg godt over gjennomsnittet på vidaregåande, medan grunnskuleresultata er best i landet. Dette kan vel ikkje skuldast anna enn nynorsken og vår grisgrendte levesett?
Det er nok berre som forventa vil eg tru. Ungdomen har jo ikkje myke anna å grisla med utpå landsbydgi enn å lesa skulefag og studera noko. Bur ein mer sivilisert er det jo mykje meir som tek oppmerksamnaden.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Gjestemedlem skrev:
Audiophile-Arve skrev:
Før vi sig under sperregrensa vil eg berre lufte resultata av "nasjonale prøver". Sogn og Fjordane + Hordaland ligg godt over gjennomsnittet på vidaregåande, medan grunnskuleresultata er best i landet. Dette kan vel ikkje skuldast anna enn nynorsken og vår grisgrendte levesett?
Det er nok berre som forventa vil eg tru. Ungdomen har jo ikkje myke anna å grisla med utpå landsbydgi enn å lesa skulefag og studera noko. Bur ein mer sivilisert er det jo mykje meir som tek oppmerksamnaden.
Du tenkjer sikkert på cafélivet, skjønar eg? Elles har vi dette vektige utspelet som vi sikkert kan ta opp under eventuelt (eventuelt i neste møte, kanskje)

http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/02/01/525587.html

Ei djupsindig analyse kan vel vere på sin plass?
 
K

kbwh

Gjest
Kaffistovelivet, om eg må be. Takk for lånet av raudblyanten.
 
P

Parelius

Gjest
8.

For rikdom og helse
rår ingen mann
om alt tykkjest ganga greit;
mang ein vert heimsøkt
av slikt han minst ventar:
fred skapar ingen sjølv.

Parelius er ikkje religiøs; sjølv Boki kan gje oss noko at underhalde tanken med. Mykje betre enn eitkvart tolvstegsprogram for han di veit.
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Møtet e ikkje over, det e kake igjen... :)

Har vi nokke å drikke og Arve??


Og Parelius e fremdeles i det lyriske hjørnet... ;D

Skalden får helt prestasjonsansgt og e på vei inn i en nevrose... :-X

Ka synes Ivar ( han med det rare skjegget) om å danne en egen stat?
Bør ikkje et hvert folk med respekt for seg sjøl og eget språk ha sin egen stat??

Ka med Rogaland, Hordaland, S+F OG M+R?

Då har vi liksom det vi trenger. Vi skal sette av nokken flotte tomter, med sjøutsikt, til dokker så må fløtte litt på dokkar. Båtplass skal dokkar få og..

E dokkar med??
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Vi kan jo selvsagt ta med oss et innlandsfylke og, Buskerud, e det greit? Såpass må vi kunne unne oss.
 

oddgeir

Hi-Fi freak
Ble medlem
24.10.2005
Innlegg
7.597
Antall liker
10
Akershus er vel eit innlandsfylke. Eg må gå mange minutt for å kome til fjorden!
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
E det ferskvann og hvit vinter der?

Dessuten bør det vel helst henge sammen med resten av staten... ellers blir det veldig upraktisk.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Eg lurer på om eg skal lansere meg sjølv som presidenkandidat i USA. Eg reknar med solid norsk statsstøtte, og at sentralen stiller mannsterkt opp rundt meg, når eg går for parolen:
"Alle amerikanarar skal bruke nynorsk talemål innan år 2012"

Spørsmålet er om eg skal prøve meg som demokrat eller replublikanar...
 
O

OldBoy

Gjest
Komponenten skrev:
Ka synes Ivar ( han med det rare skjegget) om å danne en egen stat?
Bør ikkje et hvert folk med respekt for seg sjøl og eget språk ha sin egen stat??

Ka med Rogaland, Hordaland, S+F OG M+R?

Då har vi liksom det vi trenger. Vi skal sette av nokken flotte tomter, med sjøutsikt, til dokker så må fløtte litt på dokkar. Båtplass skal dokkar få og..

E dokkar med??
Med et slikt forslag tror jeg du vil møte kraftig motbør fra de aller største og mest standhaftige paragrafryttarane her i landet.

Mens jeg får problem både med kona og med arbeidsgiveren. "Fløtte litt på dokkar", du liksom. Jeg har mine røtter HER, jeg.

:) :) :)
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
No synes eg i grunn at du e veldig vanskelig Oldboy, blir man litt sånn med årene?? ;)

Konen kan eg snakke med, og arbeid ska vi klare å skaffe. Du kan jo bli paragrafrytter på heltid om du måtte ønske det.
Røtter har vi her og, så det vil nok ordne seg, eg e god med planter og sånn, så vi skal få deg godt plantet uten at nokke tar skade.


Men no skal eg se Ut i vår hage, så no får dokkar ha det så bra så lenge. :)
 
O

OldBoy

Gjest
Komponenten skrev:
No synes eg i grunn at du e veldig vanskelig Oldboy, blir man litt sånn med årene?? ;)
Nei, jeg er jo ikke slik privat. Ganske bekymringsløs når det gjelder paragrafer. Men så har jeg heller ikke tenkt å løsrive en håndfull fylker fra resten av Norge.

Det er vel heller det at jeg tar vervet mitt som paragrafryttar alvorleg. Ikke for å gjøre det vanskelig for noen, aller minst for deg. Snarere tvert i mot: for at du skal unngå vanskeligheter. Tenk deg nyhetsoppslagene: "Kjent Komponent arrestert og tiltalt for oppvigleri og oppfordring til grunnlovsstridig virksomhet (Norge er et fritt og udelelig rike.... og så videre). Hun og hennes medansvarlige risikerer LANGE fengselsstraffer....."

Grøss!!

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Vi skal ikkje dele landet, tykkjer eg. Då er det betre at vi jobbar for å skifte til republikk, og så vil eg vere president. Eg lagar sjølvsagt ei nynorskparole, og sikrar stemmene frå alle fornuftige og verdinøytrale. Så gjer vi det så utriveleg for bokmålsminoriteten (vi kan t.d. auke nynorskdelen i NRK til 37,5%, innføre Windows på nynorsk som standardpakke her i landet, og relansere det høgt elska "nynorsk vekeblad" - det kulørte alternativet) at dei skrik opp om å få eit eige reservat.
Ein slik strategi kan då ikkje slå feil?


PS; Oldboy, vel veit eg at norsk språkråd har opna for svært mange sideformer i nynorsken no for tida, men er du sikker på at du ikkje treng ein omgang med raudeblyanten?
 
P

Parelius

Gjest
9.

Ikkje tenkte dei,
Unnarr og Sædvaldi,
det skulle gå dei så ille;
nækte vart dei
og røva for alt
og rann som vargar til skogs.

10.

At vellyst får rå
har mang ein trega:
tidt får ein kval av kvinner; (den var ikkje til deg Kompo)
til mein dei vart
om gud, så mektig
skapte dem reine.

11.

Forlikte vart dei,
Sváfader og Skarthedinn,
ingen treivst skild frå den andre,
til dei fekk òvhug
til same kvinne:
ho var dei til lyte laga.


Berre så me ikkje går vrangt; eg berre gjengjev stor dikting (Solarljod) for sjelefreden til han di veit (drukkenbolten - ære være han inn i malttåka)

Fleire strofar i kveld. Eg dreg til svenskane for at leite opp kvinneglam som kan gjere øyro (raudeblyant?) "kabelfähig" (nytt ord, ikkje raudeblyant).
Burte blir eg og att kjem eg. Kvifor reisar me?
 
O

OldBoy

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
1. Vi skal ikkje dele landet, tykkjer eg.

2. Då er det betre at vi jobbar for å skifte til republikk, og så vil eg vere president. Eg lagar sjølvsagt ei nynorskparole, og sikrar stemmene frå alle fornuftige og verdinøytrale. Så gjer vi det så utriveleg for bokmålsminoriteten (vi kan t.d. auke nynorskdelen i NRK til 37,5%, innføre Windows på nynorsk som standardpakke her i landet, og relansere det høgt elska "nynorsk vekeblad" - det kulørte alternativet) at dei skrik opp om å få eit eige reservat.
Ein slik strategi kan då ikkje slå feil?


3. PS; Oldboy, vel veit eg at norsk språkråd har opna for svært mange sideformer i nynorsken no for tida, men er du sikker på at du ikkje treng ein omgang med raudeblyanten?
1. Det tykkjer ikkje eg heller.

2. Republikk?? Eg er ikkje heilt trygg på at det er det rette for oss nett no. Dersom folket har valet mellan nynorsk-og-raudepenn-Arve og ein avdanka politikar, til dømes ein som ingen vil ha som fylkesmann nokon stad, og som difor må veljast som president, veit eg ikkje kva som kan hende. Eg fryktar det verste.

3. Raudeblyant? Eg gjer så godt eg kan. Vindaugene mine (Windows) vil berre ikkje gjere det eg vil at dei skal gjere. Ikkje nett nokon stor overraskning, det, dei gjer nestan aldri som eg vil, men nynorsk nektar dei altså plent å ha noko med å gjera. Men dersom du kan svinga raudeblyanten din utan at det kostar noko, er det fritt fram. Som du skjønar: Eg er en sterk tilhengjar av prislappar på null kroner, men berre når EG skal betale. Når eg prisar mine eigne tenestar, derimot, lyt eg tenkja som alle andre, til dømes ein viss raudeblyantsvingar.

:) :) :)
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Vår lett alkoholiserte sekretær e begynt å fable om å bli president… i USA, eller her heme til nød… tror eg trekker tilbake mitt forslag om egen stat ja, kem vet kor dette kan ende.

Dessuten ser eg at eg har en gjeng med pyser med meg her som ikke våger å bryte litt ut, i disse dager kor det e så moderne. Akk ja.


Eg trodde du diktet sjøl eg Parelius. Imponert blei eg jo og…
Du har en del vers igjen ser eg…

Og så tar du deg tid te å reise til Sverige for å jakte på kvinneglam….?

Ser ikkje helt for meg ka det e, tør nesten ikke gjette heller… Glorete øredobber eller glamorøs musikk…?

Trenger du nokken flere paragrafer Oldboy? Kor mange har du no? Kanskje Parelius kan få tak i nokken flere i Sverige.
Jobber du i skatteetaten eller??
 
O

OldBoy

Gjest
Komponenten skrev:
Trenger du nokken flere paragrafer Oldboy? Kor mange har du no? Kanskje Parelius kan få tak i nokken flere i Sverige.
Jobber du i skatteetaten eller??
Paragrafar er det nok av her i verda. Noreg er eit lite land, men verdsleiande på paragrafar. Eg trur difor ikkje at Parelius kjem til å finne nokre nye, ukjende paragrafar i Sverige.

Elles har ikkje eg paragrafane heime hjå meg, korkje på PC'en min eller i garderobeskåpet mitt, dersom det var det du trudde. Paragrafane er overalt. Du kan seie at dei berre ER der. Eg er kanskje betre enn dei fleste til å finna desse paragrafane, og til å kunne nytte dei i rådgjevinga mi i nynorsklauget, det er alt. Men det finst større paragrafryttarar enn meg her i verda, berre så du ikkje er i villerede om den saka.

Når det gjeld jobben min, vil eg berre seie at eg har mitt daglege virke i eit lite firma. Eg er eigar, styre, daglig leiar og arbeidstakar i ein og same person. Det med skatteetaten var godt tenkt, men dårleg gissa. I jobben min råkar eg på pargrafryttarar rundt kvart eit hushjørne, og det, i tillegg til at eg har levd eit langt liv, har gjeve mykje nyttig lærdom i korleis paragrafryttarar tenkjer.

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
OldBoy skrev:
Komponenten skrev:
Trenger du nokken flere paragrafer Oldboy? Kor mange har du no? Kanskje Parelius kan få tak i nokken flere i Sverige.
Jobber du i skatteetaten eller??
Elles har ikkje eg paragrafane heime hjå meg, korkje på PC'en min eller i garderobeskåpet mitt, dersom det var det du trudde. Paragrafane er overalt. Du kan seie at dei berre ER der. Eg er kanskje betre enn dei fleste til å finna desse paragrafane, og til å kunne nytte dei i rådgjevinga mi i nynorsklauget, det er alt. Men det finst større paragrafryttarar enn meg her i verda, berre så du ikkje er i villerede villreieom den saka.

Når det gjeld jobben min, vil eg berre seie at eg har mitt daglege virke i eit lite firma. Eg er eigar, styre, daglig leiar og arbeidstakar i ein og same person. Det med skatteetaten var godt tenkt, men dårleg gissa. I jobben min råkar eg på pargrafryttarar rundt kvart eit hushjørne, og det, i tillegg til at eg har levd eit langt liv, har gjeve mykje nyttig lærdom i korleis paragrafryttarar tenkjer.

:) :) :)
Så, så, gamle gut, det er ikkje så nøye. Det viktigaste er at du likar paragraf-riding.
Sjølv tykkjer eg raudeblyant er mykje artigare. Men det er så dårleg betalt. Framtil no, iallfall..
når 70% av kollegiet mitt sluttar om fire-fem år, reknar eg med det går an å snakke om løna på nytt...
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Komponenten skrev:
1) Vår lett alkoholiserte sekretær e begynt å fable
2) om å bli president… i USA, eller her heme til nød… tror eg trekker tilbake mitt forslag om egen stat ja,
3) kem vet kor dette kan ende.
1) Takk, Kompe, for modereringa. Slikt varmar. Like godt som kvasomhelst konjakk...

2) Eg tek det som eit avslag på å vere kampanjeleiar? Like greitt - eg tykkjer nynorsken din utartar ganske måte. Sikkert pga. dei der kjønnsgreiene dine.

3) Du seier noko! Men eg er nøgd, så lenge det endar vestpå.
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Lettare inspirert av Jakob Sandes dikt (Etter en rangel... :-X ) har eg no skrevet et hyllestdikt til styret:

Hyllest til oss sjølve:


Eg er leiaren i lauget og et trivest godt med da,
trur eg.
Sjølv om ein er si på flaska, er dei andre riktig bra,
trur eg.
Eg kan lene meg attende, la dei andre ta seg ut,
for her har eg fått med kremen, kvar ei jente, kvar ein gut.
Trur eg...

Eg er sekretær i lauget og det angrer eg litt på,
trur eg.
Eg må rette andres feil, og dei er neimen ikkje få,
trur eg.
Mens dei andre på min raudeblyantretting ventar spent,
sit eg her og drikk litt mens eg ynskjar eg var president.
Trur eg...


Paragrafryttar det er eg og det tykkjar eg er flott,
trur eg.
For eg likar å bestemme, ja då trivst eg riktig godt,
trur eg.
Så når nokon ynskjar noko, ja då kan eg seie ”Nei!
Det går ikkje det, diverre”, og då vert dei sjølvsagt lei.
Trur eg...


Som kasserar her i lauget har eg fått ein viktig plikt,
trur eg.
Passe godt på andres pengar, ja eg er nok god til slikt,
trur eg.
At eg no har reist til Tyrkia, det skjønar ikkje dei,
er på grunn av alle pengane som nett no kom min vei.
Trur eg...


Eg er spelemann i lauget, og eg slit meg ikkje ut,
trur eg.
Men er har jo ein gitar, og ja, eg er ein kjekke gut,
trur eg.
No har Komponenten dikta, så no må eg vel trø te,
setje toner til det diktet ho har strevd så lenge med,
Trur eg...

Eg er høgnynorskansvarlegen og mediastrateg,
trur eg.
Det er såpass hardt at eg må ta det litt sånn steg for steg,
trur eg.
Mens eg proklamerer andres dikt heilt uten fynd og skam,
finn eg ut eg må til Sverige og skaffa kvinneglam.
Trur eg...

Eg er skalden her i lauget, og no har eg gjort mi plikt,
trur eg.
Eg har hylla heile styret ved å nemna dei i dikt,
trur eg.
Med samvittigheten god som gull så kan en no ta fri,
frå dei tunge skaldepliktar, sånn ein liten times tid.
Trur eg...

:)
 
O

OldBoy

Gjest
Audiophile-Arve skrev:
OldBoy skrev:
...., berre så du ikkje er i villerede villreieom ......
Sjølv tykkjer eg raudeblyant er mykje artigare...
Jau, det er lett å sjå:

Berre ein einsleg bokstav gale, og så kjem raudeblyanten fram og stryk heile ordet. Du veit at du kan spara mykje blekk dersom du svingar han litt meir varsomt?

:) :) :)

Men elles er eg særs nøgd med meg sjølv: berr ein raud strek. Det lyt vera ny personleg rekord.

:) :) :)

Edit: PS: No ser eg at streken din ikkje er raud. Du spara mykje blekk der. Eller var det berre det at du ikkje fekk til å laga han raud?

:) :) :)
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Jau, det er lett å sjå:

1. Berre ein einsleg bokstav gale, og så kjem raudeblyanten fram og stryk heile ordet. Du veit at du kan spara mykje blekk dersom du svingar han litt meir varsomtvarsamt, evt "med varsemd"?

:) :) :)

Men elles er eg særs nøgd med meg sjølv: berre ein raud strek. Det lyt vera ny personleg rekord.

:) :) :)

Edit: PS: No ser eg at streken din ikkje er raud. Du sparar mykje blekk der. Eller var det berre det at du ikkje fekk til å laga han raud? :-[

:) :) :)

Men ta det ikkje så tungt. Skalde-Kompe har verkeleg teke han heilt ut i kveld....dette kan ikkje bli anna enn ein 6-ar
 
O

OldBoy

Gjest
Den fyrste er en feil frå mi side, dei to siste er berre fingrane som skjenar avgarde utan styring.

:) :) :)

Dersom eg skulle ha sagt det på mitt vis, ville eg ha sagt:

"Rødblyant har aldri skapt noen politikk. Å bruke rødblyant er som å se seg tilbake i bakspeilet.

Nynorsklauget må få fart på politikken sin, ellers har det ikke livets rett. Et laug hvor hovedaktiviteten til sekretæren er å bruke rødblyant på sine styrekolleger, er en vits. Unnskyld uttrykket, men vi må altså videre."

Sa eg.

Ettersom det er eit sitat, har det raudeblyantimmunitet. Seier paragrafryttaren.

:) :) :)
 

oddgeir

Hi-Fi freak
Ble medlem
24.10.2005
Innlegg
7.597
Antall liker
10
Ikkje noko årsak til å slappe av. Eg ser på Dykk frå avstand.
No har eg vitjing av svigerdotra mi, og vil ikkje uroast. Ta Dykk saman seier eg berre!!
 
G

Gjestemedlem

Gjest
Nynorsk utan raudblyant er fattig og stusseleg. Men sidan dette skal nedprioriterast ser eg ingen annan løysing enn sjølve å uføra dette arbeitet. Eg vil difor frå no av, sjølve fargelegga mine innlegg og på høveleg vis føre min penn med raudt blekk.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.221
Antall liker
8.846
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
OldBoy skrev:
Den fyrste er en feil frå mi side, dei to siste er berre fingrane som skjenar avgarde utan styring.

:) :) :)

Dersom eg skulle ha sagt det på mitt vis, ville eg ha sagt:

"Rødblyant har aldri skapt noen politikk. Å bruke rødblyant er som å se seg tilbake i bakspeilet.

Nynorsklauget må få fart på politikken sin, ellers har det ikke livets rett. Et laug hvor hovedaktiviteten til sekretæren er å bruke rødblyant på sine styrekolleger, er en vits. Unnskyld uttrykket, men vi må altså videre."

Sa eg.

Ettersom det er eit sitat, har det raudeblyantimmunitet. Seier paragrafryttaren.

:) :) :)
Immunitet, du liksom..
Feiging!
Og så er det ikkje sitat, berre direkte tale.
Men når det gjeld politikk, tykkjer eg vi har kome godt i gong. Vi held på med å omsette dei viktigaste tekstane til Rullesteinsgutane, og skalden vår lagar nyttige dikt til å profilere styret. (Om det at ho brukar Jakob Sande som utgangspunkt, tykkjer eg berre er flott. Så då kan ho gjerne gjere klart eit kamputspel rundt "Dei gamle fjell i syningom" eller "Mellom bakkar og berg ("Nordmannen" som han eigentleg heiter)
 

Komponenten

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.08.2005
Innlegg
7.081
Antall liker
6
Fikk eg 6 på diktet mitt?? :) :D

YESS!!

Har aldri fått 6 på nynorske dikt før, eg e på vei mot nye høyder.

Ka e det de andre krangler om, har de ikkje viktigere ting å bedrive, kan vi godta denne surmulingen?
E Oldboy misunnelig på 6eren min kanskje? :-X :-*

Eg skal ikkje ha på meg at eg slappar av Oddgeir, eg skriver jo dikt for harde livet her, og får stadig nye oppdrag, er redd eg e i ferd med å bli overarbeidet. Ka du gjør med svigerdatteren din som ikkje skal forstyrres kan det vel heller stilles litt spørsmålstegn ved, setter du ikkje dine lederplikter foran alt annet? Det med kremen ska du ikkje ta helt for god fisk, du må holde litt i tøylene så ikkje enkelte her tar helt av. (hyllingsdikt har det gjerne med å ta litt godt i kan man si..)

Ellers ser eg at NRK som vanlig bedriver feilinformasjon til egen fordel. De gir seg sjøl æren av at Norges mållag har hatt innmeldingsboom etter et Ut i vår hage-program,

http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.4768719


Akk for en uvitenhet. Vel er Ut i vår hage et genialt program, men Noregs mållags nye medlemmer er det selvsagt vi så ska ha æren for, her må ledaren ta tak og sette ting i perspektiv overfor Nrk, Oddgeir og nynorsklauget kan ikkje finne seg i denne forbigåelsen… :mad:
 
Topp Bunn