Lettare inspirert av Jakob Sandes dikt (Etter en rangel... :-X ) har eg no skrevet et hyllestdikt til styret:
Hyllest til oss sjølve:
Eg er leiaren i lauget og et trivest godt med da,
trur eg.
Sjølv om ein er si på flaska, er dei andre riktig bra,
trur eg.
Eg kan lene meg attende, la dei andre ta seg ut,
for her har eg fått med kremen, kvar ei jente, kvar ein gut.
Trur eg...
Eg er sekretær i lauget og det angrer eg litt på,
trur eg.
Eg må rette andres feil, og dei er neimen ikkje få,
trur eg.
Mens dei andre på min raudeblyantretting ventar spent,
sit eg her og drikk litt mens eg ynskjar eg var president.
Trur eg...
Paragrafryttar det er eg og det tykkjar eg er flott,
trur eg.
For eg likar å bestemme, ja då trivst eg riktig godt,
trur eg.
Så når nokon ynskjar noko, ja då kan eg seie Nei!
Det går ikkje det, diverre, og då vert dei sjølvsagt lei.
Trur eg...
Som kasserar her i lauget har eg fått ein viktig plikt,
trur eg.
Passe godt på andres pengar, ja eg er nok god til slikt,
trur eg.
At eg no har reist til Tyrkia, det skjønar ikkje dei,
er på grunn av alle pengane som nett no kom min vei.
Trur eg...
Eg er spelemann i lauget, og eg slit meg ikkje ut,
trur eg.
Men er har jo ein gitar, og ja, eg er ein kjekke gut,
trur eg.
No har Komponenten dikta, så no må eg vel trø te,
setje toner til det diktet ho har strevd så lenge med,
Trur eg...
Eg er høgnynorskansvarlegen og mediastrateg,
trur eg.
Det er såpass hardt at eg må ta det litt sånn steg for steg,
trur eg.
Mens eg proklamerer andres dikt heilt uten fynd og skam,
finn eg ut eg må til Sverige og skaffa kvinneglam.
Trur eg...
Eg er skalden her i lauget, og no har eg gjort mi plikt,
trur eg.
Eg har hylla heile styret ved å nemna dei i dikt,
trur eg.
Med samvittigheten god som gull så kan en no ta fri,
frå dei tunge skaldepliktar, sånn ein liten times tid.
Trur eg...
