Det er ikkje heilt enkelt, dette her. Men det finnest ein del velkjende tankar rundt problemstillinga:
"Enkelte hevder at «siden det er subjekter som erkjenner, er all erkjennelse subjektiv». Slik som det er formulert er dette utsagnet meningsløst. Det de kanskje mener å si er at all erkjennelse er påvirket av den som erkjenner, men den nevnte formulering betyr at siden all erkjennelse er påvirket av den som erkjenner, er det umulig å ha standarder for erkjennelse i det hele tatt. Det er korrekt at all erkjennelse er personlig, men det er opp til personen selv om han vil være subjektiv eller objektiv - det er hans personlige filosofi som avgjør."
(...)
Objektivister og subjektivister vil ha ulike oppfatninger av hva begrepet «sannhet» betyr. En objektivistisk holdning innebærer at «sannhet» betyr «overensstemmelse med virkeligheten»; et utsagn sies å være sant dersom det stemmer overens med - korresponderer med - det man kan observere i virkeligheten. Dette synet på sannhet kalles
korrespondanseteorien, og det kom opprinnelig fra Aristoteles.
(henta frå
Filosofi: en innføring � Objektiv/subjektiv)
I vårt (audiofile) tilfelle higar nok dei fleste mot å vere objektive, og har handlingane mest på den sida. At vi uansett har eit ganske så vanskeleg utgangspunkt "å korrespondere med", er utfordringa. Mange har nok "fotografiet" som eit slags ideal framfor "maleriet". Eg ser tre utgangspunkt som alle er "rette", men svært ulike, og difor noko vi kranglar om. Skal vi korrespondere anlegget vårt med:
- lyden frå konserten? Her er det mange dårlege konsertlydar å irritere seg over. Fulle folk på raden framfor deg. Eller "dei forstyrrande" alternative sanseinntrykka som saman med lyden skapar den totale konsertopplevinga? Kvar i konsertsalen var du plassert, forresten...?
- lyden i studio? Då vert det viktig å kjøpe same type lydutstyr som i studioet, vil eg tru...og så alle dei feite effektane som leggjast på...produsenten har mest å seie, og lyden av synth og slagverkskomprimering har høg trivselsfaktor, men lite med realistisk attskaping av det korrekte.
- lyden slik du sjølv endar opp med å prioritere dei mange faktorane. Dette må vel ha eit element av at formidlinga av lyd vekkjer din respons på ynskjeleg måte. Vert du irritert over eittelleranna, er det feil. Vert du glad (og får gåsehud), er det korrekt. Men kva om ein er bakfull, eller høyrer musikk ein i utgangspunktet ikkje likar? Er det då noko feil?
Eg såg på TV i går, med "Stjernekamp" oppkopla på hovudanlegget. Mykje veldig bra musikk der, men eg tykte storbandet vart litt samangrauta opptaksmessig. Det var ikkje så skikkeleg dynamikk eg kunne ynskje meg heller. Og nokre av songarane høyrdest litt nasale ut. Fekk veldig lyst til å spele Harry James på direktegraverte vinylplater, men greidde å halde ut til etter programmet var slutt.