Problem nr. ein er utan tvil sant. Heldigvis. Kanskje vi burde sett problem i hermeteikn. Måtte dei aldri få testa arsenalet sitt.
Eg trur på at problem to er sant,
iallfall no, så lenge Folkets frigjeringshær berre er ein gigantisk militærstyrke som aldri har vore i særleg med krig. Ein stat i staten, i enno større grad enn det Pentagon er det. Delvis sjølvfinansierande, og definitivt med integrert militær-industrielt kompleks.
Derimot er eg usikker på at kommandostrukturen er så tett kopla til at Kina ikkje er eit demokrati.
Under første verdskrigen opererte jo alle stormaktene på den måten: Ordre ovanfrå og nedover, og den viktigaste oppgåva for offiserar var å hindra eigne soldatar i å stikka av. I den grad nokon nærma seg Auftragstaktik, så var det nettopp keisar-Tyskland, og akkurat det prinsippet vart vidareutvikla av den tyske proto-forsvarsmakta i mellomkrigstida og eit kjenneteikn ved militærvesenet til Nazi-Tyskland. Førestillinga om "prøysserdisiplin" kjem først og fremst frå den prøyssiske hæren før Napoleonskrigane.
At Kina ikkje skulle sjå at moderne militær organisering (delegert ansvar og desentralisert avgjerdsmakt, "mission-type tactics") er ein føremon, har eg vondt frå å tru. Er det nokon som nøyaktig har studert organisasjonsformer i vest, og prøvd å henta det beste derifrå, så er det akkurat Kina. Ikkje kopiert, men prøvd å finna ein implementasjon (det beste dømet er sikkert økonomien, der dei har prøvd å dra ut det beste kapitalismen kan gje av effektivitet og innovasjon, men beheld statleg overordna kontroll).
Edit: Eg kom på denne anekdoten frå
@noruego, som eg beit meg merke i og tykte var ekstremt forklarande:
Dessutan er det vel ikkje å nekta for at Kina har hatt ganske nær kontakt med mange slags geriljahærar gjennom åra, der desentralisert er eit nøkkelord.
Altså, for å dra saman: Eg trur det toppstyrte er ein konsekvens av at dei skal halda saman ein gigantisk institusjon i fredstid, og at dersom PLA faktisk kjem i krig, så er det overoptimistisk at dei nødvendigvis vil følgja ein russisk modell.