Vestlige myndigheter advarer mot teknologi fra Kina, men kinesiske spill, filmer, og apper vinner nå unge hjerter verden over.
www.nrk.no
Lesverdig og interessant
Eg er veldig ambivalent til det eg har sett av kinesisk-kinesisk popkultur. Høyrde nokre spelelister med C-pop og C-jazz på Spotify, og det var gjennomgåande møl (finst sikkert unnatak). Har lese litt kinesisk science fiction, og så langt har det ikkje vore veldig bra. Ok, men ikkje veldig bra. Litt flatt, på ein måte? Har noko moderne “vanleg” kinesisk litteratur (engelsk omsetjing) i stabelen (A. Yi og Can Xue): gler meg.
Eg har lurt litt på kvifor det er slik (dersom det er slik). Eg trur ikkje på ei særleg sterk form av Sapir-Whorf (at språket set strenge grenser for korleis vi tenkjer og forstår verda), men eg har lurt på om det kan vera språkleg likevel. Ikkje grammatikalsk, men at måten ord gjev assosiasjonar er strukturert annleis på kinesisk, og at det vert vanskeleg å formidla det ein kinesisk tekst seier til ein kinesisk lesar utan å omskriva heile teksten. Eg veit ikkje, skulle gjerne visst.
Derimot: Bror min, som er meir gaming-interessert enn meg, viste meg Black Myth: Wukong på PS5, og eg må seia at det såg temmeleg bra ut. Gameplay var visst ikkje så bra, men det er kanskje ei smakssak.
Det er ein god del amerikansk-kinesisk popkultur som definitivt er bra, men det seier jo ikkje så mykje.
Eg må vedgå at eg er skeptisk til om det er mogleg å laga god popkultur i land med så streng sensur som i Kina. Amerikansk og japansk popkultur har definitivt ideologisk slagside, men også eit rom til å utfordra systemet og det ideologiske hegemoniet det er vanskeleg å førestilla seg i Kina. Noko slikt som Studio Ghibli og Murikami har eg vondt for å førestilla meg frå Kina. Berre å vita at noko er underlagt streng statleg sensur får meg til å tenkja at det er fake i utgangspunktet.
Men eg kan sjølvsagt ta feil.
William Gibson (som har hatt eit veldig nært forhold til japansk popkultur heile karrieren), vart spurt i eit intervju om han trudde Shanghai og Beijing kunne verta like kult som Tokyo. Han trudde ikkje det, han trudde at det var noko unikt med det japanske etterkrigssamfunnet som gjorde det til eit popkulturelt sentrum. Eg veit ikkje.
Det vart produsert bra popkultur i Aust-Europa, også medan jernteppet var oppe. Eg trur ikkje sensuren var like sterk, eller altomfattande, der som i Kina, og det var også skilnader i kor hardt det ideologiske trykket var på ulike tidspunkt. Kieślowski, Wajda og Lem arbeidde i Polen før 1989; Tarkovskij og Strugatskij-brødrene i Sovjetunionen. Det var vel ingen av desse som direkte konkurrerte med vestleg film og science fiction, men dei vart definitivt anerkjente også i vest.