Og enda er det de som ikke tror Kina biler spionerer...
Folk vil tro det de vil tro! Men fakta har de ikke...
Bilane frå Kina kan spionera, som dei fleste andre bilar. Utan tvil. Vi veit ikkje om eller når. Massespionasje? Målretta spionasje?
På same måten: vi veit ikkje kvifor det sit ein radiomottakar i kinesiske invertarar. Det kan vera ei medviten, utplassert måte å skru av, eller det kan vera eit stykke elektronikk som ikkje er i bruk (type, same kort på fleire modellar).
Dersom målet er å plassera bakdører, er det betre å gjera det med tilfeldige «feil» enn med programkode og elektronikk som openbert er laga for å gje uautorisert tilgang.
Det eg ikkje trur, er at dette er føremålet med kinesisk eksport. Det er ein bieffekt fordi det er mogleg (og Kina utnyttar det). Føremålet til Kina er å tena pengar på industriproduksjon. Det gjer at sikkerheit og verifikasjon burde stå høgt på blokken når vi handlar frå Kina, eller godkjenner bilar og annan elektronikk derifrå. Korleis veit vi at bilen ikkje spionerer, burde Biltilsynet spørja. Korleis kan vi kontrollera det?
Den observante lesaren tenkjer nok at dette vert dyrt. Ja, det trur eg. Så då vert det kanskje billigare å kjøpa frå folk vi stolar på. Spørsmålet er jo kven det er. Mange meinte lenge at Microsoft og F-35 var trygt og sikkert.