Man hadde vel havnet på D og E artister nå etter hvert så da er det like greit å bare stenge ned. Men det kommer vel bare mer jungle og tøffing i Trondheim i stede for som du sier...
Stjernekamp
var ein uvanleg god variant i det programsegmentet (musikk-konkurranse i beste sendetid, perfekt for laurdagskos med familien - då er det supert at det er direktesending), med lite fjas og til ein viss grad også folkeopplysande karakter. Både Mona B. Riise og Thomas Feldberg var i stand til å bera programmet saman med den særeigne stilen til Kåre Magnus Bergh.
Det byrja å gå på tomgang, delvis fordi balansen av deltakarar tippa i hardt retningane 1) heilt ukjente artistar og 2) veldig utdaterte artistar. Det kjem nok av at ein kan halda seg lengre i artistbransjen enn i idrettsbransjen (jf. systerkonseptet Mesternes mester). Forsøket på å revitalisera i vår var regelrett ein flopp: Programleiarane hadde ikkje same autoritet, og regelendringane var heilt umotiverte.
I tillegg trur eg nok at det mista litt status opp mot Maskorama (eit mykje dårlegare konsept); det å ha to nesten like konkurransar kan umogleg ha vore planen til NRK.
Alt i alt: Enig. Eller, heilt greitt at det ikkje vert meir Stjernekamp.