^ Innanfor barne-TV, ein sjanger eg har sett mykje på siste tjue åra, er NRK framleis heilt fabelaktig. Ikkje at dei lagar alt sjølv, men dei kjøper også inn kvalitet frå resten av verda.
For vaksne: Eg kunne nok tenkt meg eit meir spissa nyhendeprogram (gjerne av typen BBC Hardtalk), det første Nytt-på-nytt-laget, Kontrapunkt og Kvitt-eller-dobbelt. Meir dokumentar. Men dei har samtidig laga ting som Arkitektens hjem, Der ingen skulle tru, den fabelaktige Sau: faktisk meir slikt enn eg eigentleg får sett.
Eg tykkjer sutringa over konkurransar og kjendisar er litt som ein veldig flink stil i niandeklasse, som treff rett i den refleksjonen læraren gjerne vil ha. Det seier meir om NRK at dei slepper gjennom noko slikt (kronikken frå cand. jur Johnsen) på debattplass, men alle skal jo ha rett til å ytra seg.