Det var politisk konsensus om å faktisk snu opp ned på måten ting vart gjort på, og å prioritera løysinga høgare enn annan- og tredjeordens negative effektar.
Litt meir om bustadbygging.
2007–11 fekk eg, takk vere nokre tilfeldigheiter, plass i Plan- og miljøkomiteen i Bjerke bydel (Oslo).
Eg hugsar vervet som politisk vanskeleg. Det var på bordet ganske store utbyggingsplanar i nordvest, på Årvoll. Årvoll-området er eit veldig fint område, med lågblokkar og småhus inn mot Lillomarka. Koseleg, rett og slett. Finare enn Veitvet-Linderud-Sletteløkka i nordaust, der vi budde (i dumpa ned mot dalbotnen). Eg hugsar eg fekk Anne-Cath Vestly-kjensle av å gå tur med barnevogn der.
Uerfaren tenkte eg at jau, så bra at vi kan få bygd mange bueiningar i bydelen vår. Men så oppdaga eg at det var ei ganske tverrpolitisk akse Høgre-SV (fritt etter minnet) som gjekk inn for å begrensa utbygginga så mykje som råd: redusera talet på einingar, høgda på utbygginga og leggja inn heftige krav om infrastruktur til utbyggar.
Då vart den radikale Tweed veldig usikker. «Which side are you on?» som den amerikanske fagforeiningssongen går. Innbyggjarane, eller utbyggjarane? Ein sindig høgremann måtte forklara meg at her måtte vi stilla krav mot kapitalinteressene.
No spelte det neppe særleg rolle korleis det gjekk (eg hugsar ikkje; eg hugsar berre kjensla av å vera politisk paralysert). Innspela frå ein BU-komite hadde, på det tidspunktet iallfall, ikkje anna enn rådgjevande kraft.
Men det er nokre ugne politiske problem. Ei valdsam fortetting er sjeldan i interessene til dei som allereie bur. Det vert mindre grønt, meir trafikk, større press på skular, barnehage, sjukeheimar, legekontor og kollektivtrafikk. Det er sjølvsagt interessant å få såpass utbygging at dei offentlege tenestene kan haldast ved like, men ikkje så mykje meir enn det.
På mindre stader vil utbygging ha indirekte positive effektar, td. arbeidsplassar. Det argumentet er litt dvaskt i ein bydel i Oslo.
Det høyrest ut som NIMBY, men det er ei veldig konkret interesse, også, som politikarane er folkevalde for å passa på. Å gå inn for interessene til potensielle, framtidige innbyggjarar er sjeldan ei god politisk investering.