Eg anar, som ført nemnt, ikkje. Eg hugsar han skumle fyren frå avisa som barn, og fekk iallfall med meg då at han var veldig slem.MEN - det er mange tilståelser å ta utgangspunkt i, noe som skiller dette fra saker der tiltalte ikke har tilstått, men hardnakket hevdet sin uskyld
Vi har ikkje eit krav om vasstette «CSI»-bevis her i landet (sjølv om det skal vera bevis jury, no meddomarar, finn gode nok) så i mange saker kviler domen gjerne på tillit til påtalemakta. Det er felles for mange av dei kjende justismorda: Skumle, gjerne aparte typar, blåste opp med ufordelaktige mugshots i avisa. Legg til at politiet likevel arbeida konsekvent for å få ei tilståing frå den mistekne, gjerne manipulativt.
Eg kjenner meg ikkje trygg på slike saker, men eg tykkjer også den offisielle forklaringa på kvifor han trekte tilståingane var tynn, og heller ikkje at Sætre (i avissaka i haust) la fram ein veldig god case, Kanskje indisium i retning av at talet vart blåse opp, men det er ikkje akkurat hovudpoenget i domen.
Så eg veit ikkje, og tenkjer at det får vi nok aldri vita.


