Hortenmessa 2023 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 – Stig Arne sitt inntrykk

Horten23S (6 of 8).jpg


Årets Hortenmesse var kanskje ikkje den med best deltaking av utstellarar, men publikumstalet var likevel bra. Og på same måte som i fjor var vi tre audiofile herrar som vitja messa, etter ei solid oppvarmingsrunde på austsida av fjorden – i Fredrikstad. Og som i fjor deler vi opp inntrykka frå dei same tre herrene, og Stig Arne er fyrst ut.

Del 1 – Stig Arne sine inntrykk
Redaktør Karl Erik, Arve og meg kom til Horten laurdag rett før lunsj, og hadde slik sett avgrensa tid til rådvelde, sidan me måtte reisa sundag ettermiddag tidleg nok til å rekka diverse transport heim att. Me raste frå rom til rom, stundom i lag, stundom kvar for oss. Det var god lyd å høyre mange stader, og færre stader der lyden ikkje fall i smak.

HiFi Klubben
HiFi Klubben heldt som vanleg til i den store Fjordsalen A, direkte andsynes resepsjonen, so det fall seg naturleg å starta der, i år som i fjor. Dei starta demoen kvar time, og Fredrik Berge informerte oss om at det var lurt å koma litt tidlegare for sitjeplass. Her kunne me sjå at -Klubben sin nye råkkehøgtalar Vestlyd 15C har kome i ein meir stove-venleg versjon, ein eike-imitasjon (?) i vinyl, til same pris som den gamle, kring 20.000. Eg har omtala denne tidlegare.

Ein annan høgtalar vart demonstrert denne gongen, Mofi Sourcepoint 10, eit iaugnefallande kabinett med originalt fasettert front og midtplassert koaksialelement på 10 tommar. Han veg 21 kg og vil kostar kring 58.000kr. Stor lyd og voldsam dynamikk, mykje meir enn ein kunne tru ein 10” kunne klare i eit stort rom. Bassen var utruleg presis, kan det symmetriske kabinettet vera medverkande? Ikkje berre er dette eit koaksialt element der all lyd - inklusive diskanten - kjem ut frå same punktet i same elementet, men to bassportar på baksida av kabinettet var plassert symmetrisk over og under elementet. Normalt vil ein helst unngå å plassere elementet midt i kabinettet, sidan refleksjonane summerer seg opp der. Uansett særs imponerande og ganske morosamt, men lyden hella svakt mot det “kjølige”. Det gjorde ikkje den store Dali-høgtalaren til venstre på biletet, som let balansert og musikalsk, og med djupare bass, men med sine mange element ikkje like presis. Mofi er, som du mistenkte, plateselskapet Mobile Fidelity, og høgtalaren er konstruert av den etter kvart vidgjetne Andrew Jones (TAD, Elac osb.)....

Les heile messerapporten del 1 i Audiophile.no
Horten23S (7 of 8).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.432
Link til alle artikler
524
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

  • 0
Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

  • 0
Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

  • 0
Etter en bedre tradisjonsrik middag på Stortorgets Gjæstgiveri gikk turen videre til nedre Majorstuen på nordsiden av Bogstadveien for siste HiFi-holdeplass før avgang lørdag morgen til helgens...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

  • 9
Det er mange spennende 50th Anniversary Edition av gamle klassikere for tiden. Eller kanskje det bare oppleves sånn for oss som syns at midten av 70-tallet var midt i origo for da musikken var på...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

  • 3
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

  • 7
Tre Audiofile herrer har etter hvert fått en sterk tradisjon i forbindelse med norske HiFi-messer – opprinnelig før Hortenmessa, men det siste året også før Oslo HiFi Show. Og den tradisjonen går...
Fortsett
Topp Bunn