Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

HS-0b.jpg


Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege troikaen - eller "gutta på tur" - har vore i Horten på den årvisse hifi-utstillinga. Også kalla “fesjå” her vest om det er sauer involvert, i dette tilfelle festivaldeltakarar.

FERDAMINNE
Me har sjølvsagt diskutert dette på førehand. Og det er ikkje fyrste gongen me er her, so dette har me forsåvidt vore gjennom før: Redaktør Karl Erik er den som tar sikte på å rekkja over alle romma, og skriv utførleg om alle produkta; med bilete. Han er eit organisert menneske, han Karl Erik, det skal han ha, og slik må ein vel og vera, om ein er arkitekt. For korleis hadde elles husa våre sett ut? Eg er meir ein vims som går seg vill, og som skriv om det som fengjer meg, og drit i resten. Og Arve gjer som han vil. Brått er han vekke, og dukkar ikkje opp att før det ringjer for friminutt.

Korleis meiner lesarane ein Messerapport skal utformast? Me tek gjerne imot synspunkt på det. I gamle dagar - sjekk t.d. The Absolute Sound - var ein messerapport noko dei presenterte på dei siste sidene, nærast som sovemiddel. I dag blir messene slått stort opp. I kva grad skal eg bry meg om lyden på dei ulike romma? Er det noko eg skal dela, eller overlata til lesarane sjølve å finna ut av? Det eg likar er ikkje sikkert du likar. Men sidan du les dette, er du kan hende likevel interessert i kva eg meiner? Det er ein vanskeleg balansegang dette. Etter 50 år med HiFi har eg utvikla til dels bastante meiningar om mangt, men ein skal ikkje pressa desse ned over hovudet på folk. Eg er diverre kjend for nettopp det. Eg fortel gjerne om dei, men me pliktar etter mi meining å opptre høfleg og balansert. Det gjeld og i skrift. Elles er det jo berre kjeft å få. Eg har skrive for mange redaktørar, og dei kan fortelja deg at dei nyttar omgrepet “balansert" heller enn “objektivt”. Det er langt mellom objektive sanningar. Lytting er ei subjektiv oppleving....

Les heile messerapporten frå Stig Arne i Audiophile.no

HS-8.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.442
Link til alle artikler
526
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
PLATESMAKING: Et fyrtårn med to sidefyr, og et par skamfulle gleder

PLATESMAKING: Et fyrtårn med to sidefyr, og et par skamfulle gleder

  • 0
Denne gangen har jeg valgt å gå tilbake til gamle «synder» med å smake på fem plater i en slurk. Og grunnen er at det var så mange utgivelser jeg bare måtte ha smakt på før de gikk ut på dato...
Fortsett
Audiophile.no
Denon AVC-X2850H – Ny forbedret mellomklassereceiver

Denon AVC-X2850H – Ny forbedret mellomklassereceiver

  • 0
Denon har for kort tid siden lansert en ny AV-receiver i mellomklassen. AVC-X2850H har en rekke forbedringer sammenlignet med AVR-2800H Denons nyeste tilskudd i X-serien, AVC-X2850H, bygger...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

  • 1
Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

  • 7
Etter en bedre tradisjonsrik middag på Stortorgets Gjæstgiveri gikk turen videre til nedre Majorstuen på nordsiden av Bogstadveien for siste HiFi-holdeplass før avgang lørdag morgen til helgens...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

  • 9
Det er mange spennende 50th Anniversary Edition av gamle klassikere for tiden. Eller kanskje det bare oppleves sånn for oss som syns at midten av 70-tallet var midt i origo for da musikken var på...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

  • 3
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest...
Fortsett
Topp Bunn