Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

SAD-0425FS.jpg


Er gamle radioar på moten att? Me let samlarar vera samlarar, og bryr oss berre om ein ting: Lyden. Og i ølspalta har me 4 boksar og ei tuteflaske.

Bang & Olufsen Beomaster 900 (1964-1970)
Kva i alle dagar er dette for noko. Ein radio frå 60-talet på 6 Watt. Ja. Men kva har eg sagt tidlegare, om å læra noko eller ikkje læra noko?

Eg lånte denne på Bruktn på Voss, kunne ikkje motstå han. Utruleg liten og søt, og heil og fin. Praktisk tala strøken. Og B&O skal du ikkje kimse av. Dei har mange tilhengjarar, og ikkje berre arkitektar og interiørdesignarar. Eg har aldri prøvd ein B&O-radio før, og tok han med heim.

Kjempetabbe, tenkjer eg no. Søla vekk tid på gamle apparat som ikkje kan spela høgare enn ein god reiseradio. Eg veit betre men vart sjarmert i senk. Og har lært ein del undervegs.

Slik såg gamle radioar ut den gongen familien sat samla rundt han og fjernsynet berre var eit prøvebilete, eller pausefiskar. Sølvsuper 10 frå Tandberg var ganske lik, også ein hjarteknusar. Eg har ein slik og sjølvsagt, men har ikkje fått prøvd han ut endå. Har berre hatt han i 5 år.

Slike gamle radioar bør startast opp varsamt, helst med ein sokalla Variac, ein regulerbar trafo, for å unngå å gje ladelyttane sjokk, om han ikkje har vore i bruk på lenge. Men når eg fyrst hadde fått han på benken, hadde eg ikkje tolmot til å skaffa meg ein slik. Bør skaffa meg ein, men i staden starta eg han opp i serie med ei ljospæra; eit gamalt triks. Pæra bør vera 30 Watt om forsterkaren er 30 Watt, osb. Du finn info om ein slik “slow start” på nettet, kalla "dim bulb tester".

Les heile dagboka i Audiophile.no

SAD0425-6.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.432
Link til alle artikler
524
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

  • 0
Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

  • 0
Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

  • 0
Etter en bedre tradisjonsrik middag på Stortorgets Gjæstgiveri gikk turen videre til nedre Majorstuen på nordsiden av Bogstadveien for siste HiFi-holdeplass før avgang lørdag morgen til helgens...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

  • 9
Det er mange spennende 50th Anniversary Edition av gamle klassikere for tiden. Eller kanskje det bare oppleves sånn for oss som syns at midten av 70-tallet var midt i origo for da musikken var på...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

  • 3
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

  • 7
Tre Audiofile herrer har etter hvert fått en sterk tradisjon i forbindelse med norske HiFi-messer – opprinnelig før Hortenmessa, men det siste året også før Oslo HiFi Show. Og den tradisjonen går...
Fortsett
Topp Bunn