Frå sidelinja lurer eg på om ikkje denne skilnaden vil gje andre prioriteringar for leiinga i desse verksemdene?
Altså, når «shareholder value» ikkje vert forstått som eit driftsoverskot som kan delast ut som utbyte, men auka børsverdi av aksjene, så vert det riktige alt som aukar børsverdien? Mao, at det kan forklara både rock-star CEOs og vidløftige idear om at verksemda skal omdefinera heile sektorar (relevansen til Tesla/Musk er openberr).
Så lenge marknaden likevel ser på rekneskapane er det jo ikkje eit enormt problem, men når marknaden berre ser på marknaden, byrjar det jo å verta litt skummelt?