Gå an så tida flyg avgarde.
I dag er det 60 år sidan Volvo 140 vart fødd.
Eg hugser den eg hadde ein gong for lenge lenge sidan. Kjøpte han billeg og sto heime i løa og sparkla og pussa før eg lakka han kvit og fin. Brukte mest meir olje enn bensin på turen til Sverige, før eg tok service på han på ein campingplass over grensa. Volvodeler var mykje billigare i Sverige på den tida.
Kona sette seg eit godt stykke ifrå for ho ville ikkje assosierast med han som låg under bilen og skrudde. Han vart ganske god når eg fekk skifta veivhustetningar og pakningar rundtforbi, samt justering av ventilar og forgassar.
Eg hadde han i fleire år. Litt småting var det jo. Hugser ein gong når bremsene brått forsvann. Hadde venta litt lenge med å skifte klossar bak, så skjeva var så tynn at det eine bremsestempelet til slutt datt ut. Når væska forsvinn så har ein eit problem (mest same kva væske ein snakker om). Det var jo lett å fikse; ny skjeve, nye klossar, ny væske og ein liten luftejobb så var han god som ny.
Hadde han i mange år. Når eg selde han hugser eg at 3de giret forsvann under prøveturen, men eg hadde ein ekstra girkasse og kjøparen var nøgd.
Du Volvo du Volvo...